Tommy Smith (1945)
![]() | |||
Fødd | 5. april 1945 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Liverpool | ||
Død | 12. april 2019 | ||
Dødsstad | Waterloo |
Thomas Smith (5. april 1945–12. april 2019), kjend som Tommy Smith, var ein engelsk fotballspelar for Liverpool fotballklubb, kjend for harde taklingar.
Smith var fødd og oppvaksen i Liverpool og spela om lag 500 kampar for Liverpool FC i åra 1963–1978. Han var med på å vinne fem ligameisterskap, og dessutan Europacupen i fotball i 1977. Han avslutta fotballkarrieren med ein sesong i Swansea City AFC i Swansea. Sidan arbeidde han som fotballskribent, skreiv ei spalte for Liverpool Echo kvar veke i 35 år frå 1979 til august 2014.[1] I mars 2008 gav han ut sjølvbiografien Anfield Iron.
Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]
Smith spelte ein landskamp, den 19. mai 1971 tok han plass i Englands midtforsvar i den mållause kampen mot Wales på Wembley stadion i London.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Anfield Iron Tommy Smith retires as Liverpool Echo columnist after 35 years». Liverpool Echo. 22 August 2014. Henta 1 June 2016.