Tommy Svindal Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tommy Svindal Larsen
Tommy Svindal Larsen 01.jpg
Fødd 11. august 1973
Skien

Tommy Svindal Larsen (fødd 11. august 1973) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Skien. Midtbanespelaren Larsen spelte på Odd Grenland, IK Start, Stabæk IF og tyske FC Nürnberg. I tida 1996-2007 deltok han i 24 landskampar for Noreg, utan å kome på skåringslista.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Larsen viste tidleg stort fotballtalent, og med totalt 99 kampar har han norsk rekord i tal spelte kampar på aldersbestemte landslag. Han debuterte på Odd i 1989-sesongen, ein klubb som då spelte i 2. divisjon. Vinteren 1990/91 melde han overgang til Start, og spelte dei neste fire sesongane for Kristiansand-klubben. Sjølv om han fekk godt om speletid, slo han ikkje til som forventa. Erik Mykland regjerte desse åra midtbana i Start, så ved sesongslutt 1994 vart Larsen overført til nyopprykka Stabæk IF.

I tida i Stabæk vart Larsen omskulert frå offensiv til defensiv midtbanespelar, ein posisjon han blomstra i. Saman med Martin Andresen i ei playmaker-rolle la han mykje av grunnlaget for at Stabæk i 1998 vann sitt fyrste trofe på fotballbana, og Larsen var kaptein då laget vann cupfinalen 1998 mot favoritten Rosenborg Ballklub.

Etter seks sesongar i Stabæk fekk Larsen hausten 2001 kontrakt med den tyske klubben FC Nürnberg. Han spelte fire sesongar på Bundesliga-laget, der han etter kvart vart ein nøkkelspelar sentralt på midtbana. Larsen deltok i over hundre kampar for Nürnberg, og var lagkaptein då han sommaren 2005 returnerte til Noreg og Odd. Fram til han la opp i 2011 var han også kaptein på laget frå heimbyen Skien.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Larsen landslagsdebuterte 24. april 1996, då han vart bytta inn i pausen i ein 0-0-kamp mot SpaniaUllevaal stadion i Oslo. Det neste tiåret fekk han årleg gjerne opptre eit par gonger i den norske landslagstrøya, flest landskampar i eit kalenderår hadde han i 2001 og 2006 med fire oppgjer begge gongane. Larsen spelte sin 24. og siste A-landskamp då han fekk tre minuttar som innbytar mot Kroatia i Rijeka, 7. februar 2007. Han slo aldri til på landslaget og skåra ingen mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]