Tommy Tee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tommy Tee
Tommy Tee (213155).jpg
Fødd 18. desember 1971
Oslo
Yrke musikkprodusent, komponist, audioingeniør, rappar, radioprogramleiar, DJ
Tommy Tee på Commons

Tommy Tee (fødd 18. desember 1971) er artistnamnet til den norske hiphop-pioneren Tommy Flaaten frå Grefsen i Oslo.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tommy Tee har drive på med hiphop sidan slutten av 80-talet, hovudsakleg som DJ og produsent. I tillegg har han vore drivkraft bak plateselskapet Tee Productions, butikken T&D Records og radioprogramma «Strictly Hip-hop» på Rainbow Radio og «National Rap Show» på NRK P3.

Som produsent er han vidgjeten i hiphopmiljø i heile Europa så vel som i undergrunnskrinser i USA, der han har gjort beats for storleikar som M.O.P, Souls of Mischief og AG. Han har dessutan fått med seg utallige kredible namn på eigne prosjekt; m.a. Talib Kweli, Styles P, Craig G, Pete Rock, Chingy, Stat Quo, Rah Digga, Young Zee og Proof frå D12.

I 1998 fekk han ein hit i Noreg med singelen Takin' Ova der både Warlocks, Diaz, Opaque og N-Light-N er med han og rappar.

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Bonds Beats and Beliefs (1998)
  • T.P. Allstars: Norske Byggeklosser (1999)
  • Various: ScandalNavia vol.1 (2000)
  • Back To Work (2005)
  • 2 Legender utan Penger med Ken Ring (2004)
  • Tommy Tycker Om Mej (2005)
  • No Studio No Time (2007)
  • Absolute Music Tee (2007)
  • 3 The Hard Way (EP Collection) (2009)
  • Studio-Time (2009).

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]