Tomorrow Night av Coslow og Grosz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Tomorrow Night» er ein song frå 1939 skriven av Sam Coslow og Will Grosz. Same året nådde Horace Heidt 16. plassen på salslista i USA med sin versjon av songen.

I 1948 fekk Lonnie Johnson ein hit på King Records med songen. Innspelinga bestod av Johnson på gitar og Simeon Hatch på piano. Lonnie Johnson sin versjon nådde toppen av R&B-lista og 19. plassen på poplista..[1]

Lonnie Johnson sin versjon av «Tomorrow Night» vart kjenningsmelodien hans og songen vart utvikla til ein bluesstandard. Lavern Baker fekk ein ny hit med songen i 1956. Songen vart spelt inn av Elvis Presley medan han var på Sun Records.[2] Jerry Lee Lewis spelte òg inn songen medan han var på Sun Records. Bob Dylan spelte inn songen i 1992 på albumet Good As I Been To You.

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 303. 
  2. VideoYouTube