Tone Aarak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tone Aarak
Nasjonalitet Norsk
Fødd 23. april 1884
Rauland
Død

9. juli 1971 (87 år)

Yrke Lærar
Periode 1942-1955
Debut Siste par ut

Tone Aslaksdotter Aarak (fødd 23. april 1884 i Rauland, død 9. juli 1971)[1] var ein norsk forfattar og lærar.

Ho var fødd i Rauland, men familien flytte til garden Tonne i Nesland då ho var i sjuårsalderen, og før ho gifte seg brukte ho namnet Tone Tonne.[2] Som vaksen budde ho i Nissedal.[2]

Ho debuterte som forfattar 58 år gamal i 1942 med Siste par ut, og sidan kom det fire bøker til.[2] Framand kar kjem til gards frå 1949 er ein kriminalroman med handlinga bygd på ei drapssak frå tidleg på 1800-talet på garden Bratterud i Eidsborg.[2][3] Boka fekk god kritikk[4], og kom i nytt opplag i 2011.[2]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1942 – Siste par ut – roman
  • 1943 – Stundom skin sola – roman
  • 1945 – Skuggar og solskinn – roman
  • 1949 – Framand kar kjem til gards – kriminalroman
  • 1955 – Liv – barnebok

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««SAMBOK: 922793888»». bibliotekkatalogen SAMBOK. Henta 15. april 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 ««Aarak, Tone»». Telemarksportalen. Henta 15. april 2012. 
  3. ««Årsmøte i Nissedal historielag»». Nettstaden til Nissedal kommune. Henta 15. april 2012. 
  4. Eivind Hauge: «En gammel mordhistorie» i Aftenposten 26. november 1949. s. 7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]