Tongariro nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tongariro National Park
nasjonalpark
Mahuia River i Tongariro National Park.
Land  New Zealand
Region Manawatu-Wanganui, Waikato og Hawke's Bay
Distrikt Ruapehu og Taupo
Areal 795,98 km²
Tidssone +12
Kart
Tongariro National Park
39°12′00″S 175°35′00″E / 39.2°S 175.583333°E / -39.2; 175.583333
Wikimedia Commons: Tongariro National Park

Tongariro nasjonalpark er den eldste nasjonalparkenNew Zealand,[1] og ligg sentralt på Nordøya. Han var den sjette nasjonalparken som vart oppretta i verda.[2] Nasjonalparken har fått status av UNESCO som ein blanda kulturell og naturmessig verdsarvstad, det første kulturlandskapet på lista.[3] Dei aktive vulkanfjella Ruapehu, Ngauruhoe og Tongariro ligg sentralt i parken.[1]

Maoriane har ei rekkje religiøse stadar innanfor parken[4] og fjelltoppane i Tongariro, inkludert Ngauruhoe og Ruapehu, er tapu (heilage)[5]. Parken omfattar fleire busetnader langs grensene sine, mellom desse er Ohakune, Waiouru, Horopito, Pokaka, Erua, National Park Village og Turangi. Tre skisportområde, Whakapapa, Turoa og Tukino, ligg inne i nasjonalparken.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Tongariro nasjonalpark dekkjer 795,98 km², og ligg mellom 175° 22' og 175° 48' aust, og 38° 58' og 39° 25' sør i hjarta av Nordøya på New Zealand. Han ligg berre nokre få kilometer vest-sørvest av Tauposjøen. Etter vegen ligg parken 330 km sør for Auckland, og 320 km nord for Wellington. Han omfattar ein stor del av det vulkanske platået på Nordøya (North Island Volcanic Plateau). Åsane i Kaimanawa-fjella reiser seg rett mot aust. Whanganui-elva oppstår i parken og renn mot vest gjennom Whanganui nasjonalpark.

Det meste av parken ligg i Ruapehu District i regionen Manawatu-Wanganui, medan ein mindre nordaustleg del ligg i Taupo District i regionen Waikato, og i Hawke's Bay i nord.

Som ein kuriositet kan det nemnast at parken sin nøyaktige antipode fell saman med Cabañeros nasjonalpark i Spania.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Tongariro National Park.

Tongariro nasjonalpark strekkjer seg kring fjellmassiva til dei tre vulkanane Ruapehu, Ngauruhoe og Tongariro. Pihanga Scenic Reserve, eit område som omfattar Rotopounamu-sjøen, Pihanga-fjellet og Kakaramea-fjellet, er ein del av parken, sjølv om det ligg utanfor han.

Langs grensene til parken ligg byane Turangi, National Park Village og Ohakune, lenger utanfor busetnadane Waiouru og Raetihi. Innanfor grensene til parken er den einaste busetnaden den turistbaserte landsbyen Whakapapa Village som berre tilbyr husvære for skituristar. To maori-kaingaer (busetnadar), Papakai og Otukou er ikkje del av parken, men ligg ved breidda til Rotoairasjøen mellom Pihanga Scenic Reserve og hovudområdet til Tongariro nasjonalpark.

Tongariro nasjonalpark er omgjeven av velhaldne vegar som grovt sett følgjer grensene og gir lett tilgang til parken. I vest går State Highway 4 gjennom National Park Village, og i aust går State Highway 1, på denne strekninga best kjend som Desert Road, parallelt til Tongariro-elva. State Highway 47 går saman med desse to riksvegane i nord. Det sørlege sambandet er State Highway 49. Jarnvegen North Island Main Trunk mellom Auckland og Wellington passerer National Park Village.

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Liksom resten av New Zealand ligg Tongariro nasjonalpark i den tempererte sona. Dei overvegande vestlege vindane samlar vatn over Tasmanhavet. Ettersom vulkanane i Tongariro nasjonalpark er dei første høgdedraga av betydning som desse vindane møter på Nordøya, ved sida av Mount Taranaki, fell det nedbør nesten kvar dag. Skilnaden i nedbørsmengde mellom aust- og vestsida er ikkje så stor som i Søralpane, fordi desse tre vulkanane ikkje tilhøyrer ei større fjellkjede, men der er likevel ein tydeleg regnskuggeeffekt, der Rangipo Desert på den austlege lesida har 1 000 mm nedbør årleg. I Whakapapa Village (1119 moh.) er den gjennomsnittlege årsnedbøren kring 2200 mm, i Ohakune (610 moh.) kring 1250 mm, og i større høgder, som til dømes Iwikau Village (1770 moh.), kring 4900 mm. Om vinteren ligg snøen ned til om lag 1500 moh. Temperaturane varierer dramatisk, til og med innanfor eit døgn. I Whakapapa kan dei falla under frysepunktet året rundt. Den gjennomsnittlege temperaturen er 13 °C, med eit maksimum på 25 °C om sommaren, og eit minimum på -10 °C om vinteren. Somme somrar er toppane til dei tre vulkanane snødekte, på toppen av Mount Ruapehu ligg det snø kvar sommar, og toppen er kledd av ein isbre.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei tre vulkanane: Snødekte Ruapehu (til venstre), den koniske Ngauruhoe (i midten) og den breie kuppelen til Tongariro (til høgre)

Toppane av fjella er av stor verdi for det lokale maorifolket.

For å unngå å måtte selja fjella til europeiske nybyggjarar, fekk den lokale iwien Ngati Tuwharetoa i 1886 målt opp fjellområda av Native Land Court, og heldt dei av (whakatapua) som reservat i namna til fleire høvdingar, der den eine var Te Heuheu Tukino IV (Horonuku), den øvste høvdingen i iwien Ngati Tuwharetoa. Den 23. september 1887 vart toppane av Mount Tongariro, Mount Ngauruhoe, og delar av Mount Ruapehu overførte til krona, på det vilkåret at det vart oppretta eit verna område her.

Dette 26,4 km² store området vart sett på som for lite til å oppretta ein nasjonalpark etter modell av Yellowstone nasjonalpark i Wyoming i USA, så fleire område vart lagde til. Då det newzealandske Parlamentet vedtok lova om å oppretta Tongariro nasjonalpark (Tongariro National Park Act) i oktober 1894, hadde parken eit areal på 252,13 km², men alle landområda vart ikkje lagde til før i 1907. Då lova vart revidert i 1922, vart parken utvida til 586,8 km². Vidare utvidingar, særleg Pihanga Scenic Reserve i 1975, auka parken til den noverande storleiken på 795,98 km². Den siste modifiseringa av lova vart føreteken i 1980. Tongariro nasjonalpark har vore administrert av det newzealandske miljøverndeparementet, New Zealand Department of Conservation (DOC), sidan dette vart oppretta i 1987.

Dei første aktivitetane i den unge Tongariro nasjonalpark var bygging av turisthytter i byrjinga av det 20. hundreåret. Men det var først etter opninga av jarnvegen i 1908 og vegutbygging i 1930-åra at talet på talet på tilreisande skaut i veret. Det andre lovvedtaket, Tongariro National Park Act 1922, starta ein del aktive vernetiltak, men det var først i 1931 at den første fast tilsette parkvaktaren byrja i arbeid. Vegbygging inn i Whakapapa valley hadde alt starta på 1920-talet. Den første skihytta vart bygd i 1923 i ei høgde på 1770 moh., deretter ein veg, og, i 1938, eit skitrekk. Denne tidlege turistutbygginga forklarar den heller uvanlege førekomsten av ein permanent busett landsby og eit fullt utbygd skisportanlegg inne i ein nasjonalpark. Hotellet Chateau Tongariro, som ennå i dag er eit senter i Whakapapa, vart bygd i 1929.

Tidleg i det 20. hundreåret innførte administrasjonen i parken røsslyng til området med tanke på rypejakt. Det vart likevel aldri sett ut ryper i parken, men lyngen breier seg ut, og er no eit trugsmål for det økologiske miljøet og det stadeigne plantelivet her. Ein prøver å kontrollera spreiinga av desse plantane, men total utrydding ser ikkje ut til å lukkast.

Vasskraftutbygginga Tongariro Power Scheme[endre | endre wikiteksten]

Vasskraftplanen Tongariro Power Scheme vart utvikla for å ivareta og verna naturinteressene i så stor grad som råd. Planen tek sikte på å samla vatn frå fjella i det sentrale vulkanske platået, det går gjennom kraftstasjonane Rangipo (120 MW) og Tokaanu (240 MW), og slepper det ut i Tauposjøen. Planen omfattar eit tilsigsområde på meir enn 2600 km², og har teke i bruk ein serie av innsjøar, kanalar og tunnelar for å leia vatnet til dei to kraftstasjonane som kan produsera 1400 GWh pa, om lag fire prosent av den totale elektrisitetsproduksjonen i landet. Dette ekstra tilsigsomådet aukar vassføringa inn i Tauposjøen og ned Waikatoelva med 20 %.

Den vestlege avleiinga tek vatn frå seks elver og vassdrag frå Whakapapa-elva til Whanganui-elva, inn til Rotoairasjøen via Otamangakausjøen. Tokaanu kraftstasjonen har samband med Rotoairasjøen via ein seks kilometer lang tunnel gjennom Tihiafjellet. Denne fører også vatn frå Tongariroelva via Poutu-tunnelen og -kanalen.

På austsida av Ruapehufjellet vert vatnet leia frå Kaimanawafjella og frå kjeldene til Wahianoaelva gjennom ein 20 km lang tunnel inn til Rangipo demningen. Rangipo kraftstasjonen på 120 MW ligg 230 m under joroverflata. Turbinane er lagde i ei grotte som er hola ut i solid fjell og kledd med betong. Genesis Energy har utvikla klimamål saman med interessentar, desse har som føremål å avgrensa miljøpåverknadane frå kraftutbygging og -produksjon i Tongariro.

Somme av desse tiltaka omfattar regulering av vassnivået i innsjøar, økologiske overvakingsprogram, overeinskomstar med lokale iwi for utvikling av prosessar der iwi tek del i miljøovervaking og får tilgang på informasjon. Den elektriske krafta som vert produsert i Tongariroområdet, går inn i det nasjonale kraftforsyningsnettet, og vert derfrå distribuert til bustadar, kommersielle og industrielle kundar over heile New Zealand.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Vulkanane Tongariro, Ngauruhoe og Ruapehu ligg i den sørlege delen av ei 2 500 km lang rad av vulkanar, der den indo-australske plata møter Stillehavsplata. Desse vulkanane er resultatet av indre tektoniske prosessar. Stillehavsplata glir under den indo-australske plata, og smeltar på gunn av dei høge temperaturane i astenosfæren. Denne magmaen, som er mindre tett og lettare, stig mot overflata og sprengjer seg gjennom dei svake delane av jordskorpa og set i gang vulkanske prosessar i området. Vulkanske prosessar har løfta opp fjella i Tongariro National Park i meir enn to millionar år.

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Sørbøkeskog i skråningane til Ruapehufjellet

Flora[endre | endre wikiteksten]

Tongariro nasjonalpark har eit ulendt og delvis ustabilt terreng. Nord og vest i parken, nær Tauposjøen, strekkjer det seg ein regnskog av gultre- og dekkfrøplantar over eit område på 30 km², og opp i ei høgde på 1000 moh. I denne regnskogen veks Hall's tōtara (Podocarpus cunninghamii), kahikatea (Dacrycarpus dacrydioides), kamahi (Weinmannia racemosa), pahautea (Libocedrus bidwillii) og talrike epifytiske bregnar, orkidéar og sopp. Pahauteatre veks endå høgare opp, til ei høgde på 1530 moh., der dei dekkjer 127,3 km². I denne høgda finn ein også ein 50 km² stor sørbøkskog som inneheld raudsørbøk (Nothofagus fusca), sylvraudbøk (Nothofagus menziesii) og fjellsørbøk (Nothofagus solandri var. cliffortioides). Underskogsartar i skogane omfattar bregnar som kiokio, (Blechnum discolor) i tillegg til krattskog.[7] Der er også eit 95 km² område med krattskog som består av kanuka (Leptospermum ericoides), manuka (Leptospermum scoparium), sellerifuru (celery-top pine) (Phyllocladus aspleniifolius), inaka (Dracophyllum longifolium), mosearten Rhacomitrium lanuginosum, små bøketre og innført røsslyng. I nordvest og omkring Mount Ruapehu, mellom ei høgde på 1200 og 1500 moh. dekkjer tussok-krattskog og tussokgras store område (om lag 150 km²), dette består for det meste av raud newzealandsk tussok (Chionochloa rubra), inaka, krøllblada neinei (Dracophyllum recurvum), (Empodisma minus) og myrbregne (Schoenus pauciflorus), til like med røsslyng og tussokartar som Festuca novaezelandiae og bluegrass (Poa colensoi). Ovanfor 1500 m består terrenget av grus og stein, og er derfor ustabilt. Likevel slår somme plantar seg ned her, som til dømes krøllblada neinei, snøtotara (Podocarpus nivalis), (Gaultheria colensoi), andre tussokgras (Rytidosperma setifolium), bluegrass og Raoulia albosericea, desse dekkjer eit område på 165 km². Mellom 1700 og 2020 m veks det berre nokre isolerte Parahebe-artar, Gentianella bellidifolia og soleier. Over 2200 m veks berre skorpeaktige lavartar.

Fauna[endre | endre wikiteksten]

I parken er det funne 56 ulike fugleartar, til dømes sjeldne stadeigne artar som kiwi (Apteryx mantelli), kākā (Nestor meridionalis), kaskadeand (Hymenolaimus malacorhynchos), bregnesongar (Bowdleria punctata vealeae), nyzealandbeltelo (Charadrius bicinctus) og karearea (Falco novaeseelandia). Andre vanlege fugleslag i parken er tui, korimako (Anthornis melanura ), nattsvermarugle (Ninox novaeseelandiae), igatagerygon (Gerygone igata), viftestjertar, og gråbrystbrillefugl (Zozterops lateralis) . Parken er også tilhaldsstad til dei to einaste innfødde pattedyra på New Zealand, den langhala og den korthala flaggermusa (Mystacina tuberculata og Chalinolobus tuberculatus). Det myldrar med insekt i Tongariro National Park, mellom desse nattsvermarar og weta. Som i resten av landet lever også i parken innførte dyr frå Europa, slike som svartrotte, røyskatt, katt, kanin, hare og hjort, og den opphavleg australske pungreven (Trichosurus vulpecula) .

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Ruapehu sett frå Whakapapa Village i Tongariro nasjonalpark. Denne vegen går opp til Iwikau Village, som er inngangsport til skiområda.

Hovudaktivitetane er fotturisme og fjellklatring om sommaren, og skisport og snøbrettkøyring om vinteren. Der er også høve til jakt, sportsfiske, terrengsykling, riding, rafting og flyturar. Mount Tongariro og nærområda er ein av fleire stader der Peter Jackson tok opp filmtriologien Ringdrotten, og turar til desse stadane vert arrangerte av tur- og innkvarteringsoperatørar.

Den mest populære turruta i Tongariro nasjonalpark er Tongariro Alpine Crossing. Det meste av denne ruta er også ein del av Tongariro Northern Circuit, ein to til fire dagars tur, som er ein av dei ni klassiske Great Walks på New Zealand. Avstikkarar til toppane til Mount Tongariro og Mount Ngauruhoe er det høve til frå desse rutene. Ei anna lengre rute er den tre til seks dagar lange Round the Mountain Track kring Mount Ruapehu. I tillegg til desse er det talrike kortare ruter som er høvelege til dagsturar. Innanfor dette nettverket av fotturruter ligg det tre leirplassar, to hytter for naudopphald, ni offentlege og fire private hytter. Saman med overnattingsstadane i Whakapapa er parken godt utbygd for turisme. Dessse rutene og stien til toppen av Mount Ruapehu vert også nytta om vinteren.

Vintersesongen er frå sist i juni til tidleg i november. Det største skisportområdet, som også heiter Whakapapa, ligg i nordhellinga til Mount Ruapehu. Det har 15 skiheisar, og dekkjer eit område på 5,5 km². Like ved dette området ligg 47 skiklubbhytter, dei fleste av desse har også tilgjenge for ikkje-medlemmer. Den næraste busetnaden ligg nedst, i Whakapapa. Eit litt mindre skisportområde, Turoa, ligg i den sørvestlege hellinga. Sjølv om det berre har ni skiheisar, er området 5 km² stort, nesten jamstort med Whakapapa. Der er inga innkvartering ved dette området, den næraste busetnaden er Ohakune. Desse to skisportområda vart lagde inn under offentleg administrasjon i 2000. Skipass er tilgjengelege i begge områda, og ein skiheis som skal gå mellom dei, er planlagd. I tillegg til desse største skisportområda ligg også det private Tukino ski area i parken, drive av Desert Alpine Ski Club, og Aorangi Ski Club i den sør-austlege hellinga. Det har to skitrekk og dekkjer eit område på 1,9 km².

Utsikt mot Mount Ngauruhoe frå turruta Tongariro Alpine Crossing.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Soloppgang i Tongariro National Park

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Tongariro National Park: Features, Department of Conservation, arkivert frå originalen 22. februar 2015, henta 21. april 2013 
  2. Hardy, Uniqua. «The 10 Oldest National Parks in the World». Culture Trip. Henta 29. januar 2019. 
  3. Centre, UNESCO World Heritage, «Tongariro National Park», UNESCO World Heritage Centre (på engelsk), henta 11. januar 2021 
  4. George Beetham (1926). «Introduction av T. E. Donne». The First Ascent of Mount Ruapehu. London. Henta 18. november 2012. 
  5. James Cowan (1925). «Chapter IX: The Battle of the Mountains». Fairy Folk Tales of the Maori. Auckland: Whitcombe and Tombs Limited. s. 101–107. Henta 20. november 2012. 
  6. «Tongariro weather». Department of Conservation. Henta 24. mars 2007. 
  7. C. Michael Hogan. 2009. Crown Fern: Blechnum discolor, Globaltwitcher.com, red. N. Stromberg. Vitja 18. november 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]