Tongchuan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tongchuan (gul) si plassering i Shaanxi

Tongchuan (kinesisk: 铜川市; pinyin: Tóngchuān Shì) er eit byprefektur i den kinesiske provinsen Shaanxi. Prefekturet, som ligg på Guanzhongsletta, dekker eit areal på 3 882 km² og har om lag 835 000 ibuarar.

Byprefekturet Tongchuan omfattar tre bydistrikt (区 ) og eitt fylke (县 xiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 210 går gjennom området. Riksvegen tek til i Baotou i Indre Mongolia, fører gjennom Yan'an, Xi'an, Chongqing og Guiyang og endar opp i Nanning i Guangxi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]