Toni Kroos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Toni Kroos
FC RB Salzburg v.Real Madrid (Testspiel, 7. August 2019) 38.jpg
Personleg informasjon
Fødd 4. januar 1990 (30 år)
Fødestad Greifswald
Høgd 182 cm
Posisjon Midtbane, ving
Klubbinformasjon
Noverande lag
Bayern München
Nummer 39
Ungdomsklubbar
1997-2002
2002-06
2006-07
Tyskland Greifswalder SV
Tyskland Hansa Rostock
Tyskland Bayern München
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2007-
2009-10
Tyskland Bayern München
Tyskland Bayer Leverkusen (lån)
130 (13)
43 (10)
Landslag
2008-09
2010-
Tyskland Tyskland U21
Tyskland Tyskland
10 (2)
44 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 6. juni 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 6. juni 2014

Toni Kroos (fødd 4. januar 1990 i Greifswald i Mecklenburg-Vorpommern) er ein tysk fotballspelar som har spela for Bayern München i tysk Bundesliga og for Tyskland sitt landslag.

Kroos kom til Bayern München sitt ungdomslag i 2006. Han debuterte for A-laget som 17-åring, 26. september 2007. Han spelte 12 ligakampar for Bayern i 2007/08-sesongen, då dei vart tyske seriemeistrar. Frå januar 2009 til sommaren 2010 var han på lån hjå Bayer Leverkusen. Han vart igjen seriemeister med Bayern i 2013 og 2014, var med på å vinna den europeiske Meisterligaen i 2013 og VM for klubblag same året.

Kroos debuterte for Tyskland sitt A-landslag 3. mars 2010 i ein privatlandskamp mot Argentina. Han var med i Tyskland sin tropp til fotball-VM i 2010, der han spelte som innbytar i fire kampar: Den siste gruppekampen, mot Ghana, kvartfinalen, semifinalen og bronsefinalen. I fotball-EM i 2012 spelte han i fire av Tyskland sine fem kampar, tre gonger som innbyttar og éin kamp frå start.

Veslebroren hans, Felix, er òg profesjonell fotballspelar, i 2010/11-sesongen hjå Werder Bremen, med aldersbestemte landskampar for Tyskland.