Tonight's the Night (Gonna Be Alright)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tonight's the Night (Gonna Be Alright)
Singel av Rod Stewart
frå albumet A Night on the Town
B-side «The Ball Trap» (Storbritannia)
«Fool for You» (USA)
Utgjeve Mai 1976 (internasjonal)
September 1976 (USA)
Innspelt Desember 1975
Sjanger Softrock[1]
Lengd 3:56 (album)
3:34 (edit)
Selskap Riva (Storbritannia); Warner Bros. (USA)
Låtskrivar(ar) Rod Stewart
Produsent Tom Dowd
Rod Stewart-kronologi
«This Old Heart of Mine»
(1976)
Tonight's the Night (Gonna Be Alright) «The Killing of Georgie (Part I and II)»
(1976)


«Tonight's the Night (Gonna Be Alright)» er ein song av Rod Stewart spelt inn i Muscle Shoals Sound Studio i Sheffield i Alabama for albumet A Night on the Town i 1976. Songen vart den andre songen hans som nådde toppen av Billboard Hot 100, der han låg i åtte veker på på rad fram til 8. januar 1977. Songen nådde òg femteplassen i Storbritannia, tredjeplassen i Australia og gjekk inn på lista i mange andre land. Songen vart rangert øvst på lista til Billboard for heile 1977.

Songen handlar om tap av jomfrudomen og har mange referansar til kjønnsleg omgang. Songen innheld eit parti med fransk tale frå den dåverande kjærasten til Stewart, Britt Ekland.[2]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976–77) Plassering
Australia 3
Canada[3] 1
Tyskland 26
Irland 2
Nederland 5
New Zealand 2
Sverige 7
UK 5
US Billboard Hot 100 1
US Billboard Easy Listening[4] 42

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Australia[5] 11
Canada[6] 1
New Zealand[7] 19
Liste (1977) Plassering
US Billboard Hot 100 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1993 spelte Stewart songen for MTV Unplugged og denne kom ut på albumet Unplugged...and Seated.

Songen er òg blitt spelt av artistar som Linda Clifford, Nicky Moore, Anthony Kavanagh, Terry Steele, som nådde 44. plassen på R&B-lista i SA,[8] og Alison CrawfordGrease is the Word.

I versjonen til Janet Jackson indikerer teksten at ho og partneren skal ha ein trekant med ei anna kvinne.[9]

Songen vart ofte spelt av Tina Turner på konsertane hennar i 1980-åra i lag med ein annan Rod Stewart-song. Dette kan ein mellom anna sjå på videoen Nice n Rough.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The 10 Ickiest Soft-Rock Hits of the '70s - Oldies Music». Oldies.about.com. 3. april 2014. Henta 3. juni 2018. 
  2. Robert Windeler (21. februar 1977). «Romantic Rod». People. Henta 3. juni 2018. 
  3. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 11. oktober 2016. 
  4. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 230. 
  5. Australian-charts.com
  6. «Top Singles – Volume 26, No. 14 & 15, January 08 1977». RPM. Library and Archives Canada. Henta 13. juni 2016. 
  7. «Top Selling Singles of 1976 | The Official New Zealand Music Chart». Nztop40.co.nz. 8. desember 1963. Henta 11. oktober 2016. 
  8. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 550. 
  9. The Daily Telegraph, 18. oktober 1997

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]