Tonight's the Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tonight's the Night
Studioalbum av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve 20. juni 1975
Innspelt August–september 1973 (hovudsakleg 26. august 1973)
Studio Studio Instrument Rentals i Hollywood utanom: «Come On Baby»: konsertopptak frå Fillmore East, 7. mars 1970; «Lookout Joe»: Broken Arrow Ranch, desember 1972 og «Borrowed Tune»: Broken Arrow Ranch, desember 1973
Sjanger Blues rock, countryrock
Lengd 44:52
Selskap Reprise
Produsent David Briggs og Neil Young
med Tim Mulligan
Elliot Mazer (på «Lookout Joe»)
Neil Young-kronologi 
On the Beach
(1974)
Tonight's the Night Zuma
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[1]
Christgau's Record Guide(A)[2]
Pitchfork10/10[3]
Rolling Stone5/5 stars[4]
Rolling Stone Album Guide5/5 stars[5]

Tonight's the Night er det åttande albumet til Neil Young. Det kom ut i 1975Reprise Records, men vart spelt inn i 1973 og utsett i to år. Det nådde 25. plass på den amerikanske albumlista. I 2003 vart albumet rangert på 331. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene og i 2012 vart det flytta opp til 330. plassen på same lista.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tonight's the Night er eit direkte uttrykk for sorg. Crazy Horse-gitaristen Danny Whitten og venen til Young, samt roadien Bruce Berry hadde begge døydd av overdosar i løpet av månadane før desse songane vart skriven. Tittelsporet nemner Berry med namn, «Bruce Berry was a working man/He used to load that Econoline van.». Gitaren og vokalen til Whitten dominerer «Come on Baby Let's Go Downtown», som var eit konsertopptak frå 1970. Songen vart seinare òg gjeven ut på konsertalbumet Live at the Fillmore East, der Whitten er tilskriven som låtskrivar aleine.

Med seg har Young resten av Crazy Horse, bassist Billy Talbot og trommeslagar Ralph Molina, samt Nils Lofgren (gitar og piano) og Ben Keith (steelgitar). Young spelte inn albumet på same rufsete måte som Time Fades Away, stemma hans er ofte hes og han strevar med å nå dei høge tonane. Sjølve spelinga er laus med feil og skiftande tempo. Denne stilen fungerte, i følgje Allmusic, perfekt for materialet, og la vekt på den kjenslemessige stemninga i sorga til Young.[6] Dette stod i stor kontrast til det polerte lydbiletet til Crosby, Stills, Nash & Young, og Young-albumet Harvest. I mange av songane uttrykte Young at han ikkje likte følgjene som suksessen hans hadde ført med seg.

Reprise Records nekta å gje ut dette ukommersielle albumet. Det var opphavleg meint å kome ut tidleg i 1974 etter at Young hadde turnert med songane i USA og Europa. I 1975, etter ein massiv turne med CSNY, forkasta Young eit nyleg innspelt album, og gav i staden ut Tonight's the Night. Albumet vart ikkje ein stor salssuksess, men vart rekna som eit unikt meisterverk av kritikarane, og det vert framleis rekna som eit av dei største rockeplatene som nokon gong er laga.[6]

På vinylutgåva av Tonight's the Night står ei kryptisk melding av Young: «I'm sorry. You don't know these people. This means nothing to you» («Unnskyld. Du kjenner ikkje desse folka. Dette betyr ingenting for deg.»)

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)AkkompagnementLengd
1.«Tonight's the Night» The Santa Monica Flyers4:39
2.«Speakin' Out» The Santa Monica Flyers4:56
3.«World on a String» The Santa Monica Flyers2:27
4.«Borrowed Tune»  3:26
5.«Come on Baby Let's Go Downtown» (konsertopptak frå Fillmore East i New York City, 7. mars 1970)Neil Young, Danny WhittenCrazy Horse3:35
6.«Mellow My Mind» The Santa Monica Flyers3:07
Side to
Nr.TittelAkkompagnementLengd
1.«Roll Another Number (For the Road)»The Santa Monica Flyers3:02
2.«Albuquerque»The Santa Monica Flyers4:02
3.«New Mama»The Santa Monica Flyers2:11
4.«Lookout Joe»The Stray Gators3:57
5.«Tired Eyes»The Santa Monica Flyers4:38
6.«Tonight's the Night» (Part II)The Santa Monica Flyers4:52

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Neil Youngvokal; gitar på «World on a String», «Come On Baby Let's Go Downtown», «Mellow My Mind», «Roll Another Number», «Albuquerque», «New Mama», «Lookout Joe» og «Tired Eyes»; piano på «Tonight's the Night», «Speakin' Out» og «Borrowed Tune»; munnspel på «World on a String», «Borrowed Tune» og «Mellow My Mind»; vibrafon på «New Mama»
  • Ben Keithpedalsteelgitar, vokal på «Tonight's the Night», «Speakin' Out», «Roll Another Number», «Albuquerque» og «Tired Eyes»; pedalsteelgitar på «World on a String» and «Mellow My Mind»; vokal på «New Mama»; slidegitar, vokal på «Lookout Joe»
  • Nils Lofgren – piano på «World on a String», «Mellow My Mind», «Roll Another Number», «Albuquerque», «New Mama» og «Tired Eyes»; vokal på «Roll Another Number», «Albuquerque» og «Tired Eyes»; gitar på «Tonight's the Night», «Speakin' Out»
  • Danny Whitten – vokal, elektrisk gitar på «Come On Baby Let's Go Downtown»
  • Jack Nitzscheelektrisk piano på «Come On Baby Let's Go Downtown»; piano på «Lookout Joe»
  • Billy Talbotbass alle spor utanom «Borrowed Tune», «New Mama» og «Lookout Joe»
  • Tim Drummond – bass på «Lookout Joe»
  • Ralph Molinatrommer, vokal alle spor utanom «Borrowed Tune», «New Mama» og «Lookout Joe»; vokal på «New Mama»
  • Kenny Buttrey – trommer på «Lookout Joe»
  • George Whitsell – vokal på «New Mama»

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Billboard (USA)[7]

År Liste Plassering
1975 Pop Albums 25

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, William. Neil Young: Tonight's the Night > ReviewAllmusic. Henta 23. februar 2019.
  2. Christgau, Robert. «Neil Young: Tonight's the Night > Review». Robert Christgau. Henta 23. februar 2019. 
  3. Richardson, Mark (25. juni 2016). «Neil Young: Tonight's the Night». Pitchfork Media. Henta 28. juni 2016. 
  4. Hoard, Christian (16. juni 2005). «Neil Young: Tonight's the Night > Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 23. februar 2019. 
  5. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). «Neil Young». The New Rolling Stone Album Guide. London: Fireside. ISBN 0-7432-0169-8.  Portions posted at «Neil Young > Album Guide». rollingstone.com. Henta 23. februar 2019. 
  6. 6,0 6,1 Allmusic
  7. Tonight's the Night - Neil Young > Charts & Awards > Billboard AlbumsAllmusic. Henta 23. februar 2019.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]