Tonight's the Night av The Shirelles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tonight's the Night
Singel av The Shirelles
frå albumet Tonight's the Night
B-side

«The Dance Is Over»

Utgjeve 1960
Innspelt 1960
Bell Sound Studios, New York City i USA
Sjanger R&B, Pop
Lengd 2:00
Selskap Scepter
Låtskrivar(ar) Luther Dixon
Shirley Owens
Produsent Luther Dixon
The Shirelles-kronologi 
«Dedicated to the One I Love»
(1959)
Tonight's the Night «Will You Love Me Tomorrow»
(1960)


«Tonight's the Night» er ein song av The Shirelles som opnar albumet Tonight's the Night frå 1961. Songen er skriven av Luther Dixon og Shirley Owens og omhandlar kjenslene ei kvinne har før ho mistar jomfrudommen sin. Songen vart gjeven ut på singel før albumet, i 1960. I 2010 vart songen plassert på lista til Rolling Stone over ein av dei 500 beste songane gjennom tidene.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

«Tonight's the Night» vart skriven av solovokalisten i The Shirelles, Shirley Owens og Luther Dixon.[1] Det var første songen Dixon produserte for bandet. Han vart innleigd for bandet av Florence Greenberg etter å ha arbeidd med Perry Como, Nat King Cole og Pat Boone.[2]

Tema og stil[endre | endre wikiteksten]

«Tonight's the Night» omhandlar «romantisk overgjeving» og «sjelfull lengsel».[3] Songen fortel om ei kvinne som er både forventingsfull og nølande før den første seksuelle opplevinga hennar,[2] eit tema som vart skildra på liknande vis i Buddy Holly-songen «Oh, Boy!.[4]

Strykarane i songen er liknande strykarane i «There Goes My Baby», medan Dixon sa at han var inspirert av brasiliansk baião.[2] Rolling Stone noterte seg òg den latinamerikanske stilen med fleire tilfelle av synkope.[3]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Singelen kom ut i september 1960.[3] Innan 1961 hadde songen seld til gullplate.[1] I følgje Greil Marcus skapte songen sjokkbølgjer då han kom ut på grunn av den ærlege skildringa av «ei kvinne ... klar over hennar sinn og kropp».[5]

Kort tid etter songen kom ut måtte han konkurrere med ein versjon av The Chiffons, som brukte eit liknande arrangement og stil.[2] The Chiffons sin versjon nådde etter kvart 76. palssen og vart den første hitten deira.[6]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1960) Plassering
US Billboard Hot 100[7] 39
US Hot R&B/Hip-Hop Songs[8] 14

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Rolling Stone plassete «Tonight's the Night» på 409. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. Det var den andre av to Shirelles-songar på lista, i lag med «Will You Love Me Tomorrow» som var på 126. plassen.[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]