Tonje Sagstuen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tonje Sagstuen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. november 1971 (52 år)
Lørenskog
Yrke journalist, handballspelar, redaktør
Språk norsk

Tonje Sagstuen (fødd 17. november 1971) er ein norsk journalist og tidlegare handballlspelar, busett i Gjøvik. Ho er sidan 2014 kommunikasjonsdirektør i Norsk Tipping. Perioden 1992-97 vann ho OL-sølv, VM-sølv, VM-bronse og EM- bronse med Noreg. 187 cm høge Sagstuen var høgre rykkrom-spelar og midtforsvarar.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Sagstuen var i yngre år medlem av IL Hov, men tidleg melde ho seg inn i Toten HK og spelte der sidan. Ho debuterte på Noregs landslag den 7. mars 1989 mot Sverige. Frå 1990 til VM 1997 deltok ho i samtlege meisterskapsturneringar, med unnatak for Sommar-OL og EM i 1996. Under Sommar-OL 1992 vann ho sølvmedalje med Noreg, før det så vart bronsemedaljar både under VM 1993 på norsk heimebane, og i handball-EM 1994 i Berlin. Etter 1 1/2 års landslagspause kom ho tilbake og var ein av dei leiande i det norske mannskapet som vann VM–sølv i desember 1997. Sagstuen spelte sin 201. og siste landskamp i april 1998, med til saman 593 nettkjenningar i landslagsprotokollen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1990: Nr 6 med Noreg
  • OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea
  • VM 1993: Bronsemedalje etter 20–19 mot Romania
  • EM 1994: Bronsemedalje etter 24–19 mot Ungarn
  • VM 1995: Nr 4 etter 24–25 mot Danmark
  • VM 1997: Sølvmedalje etter 20–33 mot Danmark

Media[endre | endre wikiteksten]

Sagstuen arbeidde som journalist i Oppland Arbeiderblad frå 1999, fyrst som sportsjournalist, seinare også med ansvar for helse- og sjukehussaker. Frå november 2006 var ho ein av redaktørane i avis, sjefsredaktør 2012-14. Våren 2014 vart ho tilsett i Norsk Tipping som kommunikasjonsdirektør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]