Tonsåsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tonsvann med tåke og måne
Foto: John Erling Blad
Frå Tonsåsen sanatorium, foto teke rundt 1890
Foto: Carl Curman

Tonsåsen er ei bygd og eit skogsområde mellom Bagn, Bjørgo og Bruflat. Bygda ligg delvis i kommunane Etnedal og Sør-Aurdal i Innlandet fylke. Tidlegare var det eigen Jarnbanestasjon på den no nedlagde Valdresbanen, Tonsåsen stasjon. Gjennom mange år var det handsaming av tuberkulosepasientar på Tonsåsen sanatorium.

Under den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Under angrepet på Noreg i 1940 var det harde kampar i bygda mellom Valdresgruppa og Gruppe Adlhoch. Dei tyske styrkane stod fast i ei norsk sperrestilling ved Tonsåsen sanatorium ved Madslangrud og sende eit kompani i ei omgåande rørsle over Leirskogen for å gå rundt dei norske styrkane som hadde trekt seg tilbake frå Høljarast. Desse støytte så på norske styrkar i kampen ved Breidablikk.

Seinare bygde dei tyske styrkane opp ein stor lytte og peilestasjon i bygda, eller ein radarstasjon. Dette bestod av Würzburg Riese 1 60°51′44″N 09°35′43″E / 60.86222°N 9.59528°E / 60.86222; 9.59528, Würzburg Riese 2 60°51′47″N 09°36′03″E / 60.86306°N 9.60083°E / 60.86306; 9.60083 og Freya 60°50′47″N 09°37′03″E / 60.84639°N 9.61750°E / 60.84639; 9.61750 Fundamenta for Würzburg Riese 1 og 2 kan sjåast på høgda rett austom Os Gjestegård og på ei høgd eit par hundre meter lengre aust. Fundament for Freya vert brukt som portstolpar i innkjørselen rett vest for gjestegården. Berre få kilometer unna bygde dei norske heimestyrkene opp ein illegal radiostasjon for kontakt med England. Denne vart aldri peila av tyskarane. Nokre mil unna, i Base ELG inne i Vassfaret, var det eit radiofyr for flygingar frå England. Heller ikkje dette vart peila, moglegvis på grunn av problema radaren skapte for dei som opererte mobile peileanlegg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]