Tony Joe White

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tony Joe White
Tony Joe White.jpg
Verkeleg namn Tony Joe White
Opphav USA
Fødd 23. juli 1943 (75 år)
Oak Grove
Instrument

gitar, stomp box

Sjanger Swamprock
Aktive år 1968 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Plateselskap Monument Records
Warner Brothers
Polydor
Nettstad www.tonyjoewhite.com

Tony Joe White (fødd 23. juli 1943) er ein USA-amerikansk songar-låtskrivar og gitarist, mest kjend for hitten frå 1969, «Polk Salad Annie» og for «Rainy Night in Georgia», som han skreiv, men som vart gjort populær av Brook Benton i 1970. Han skreiv òg «Steamy Windows» og «Undercover Agent for the Blues», begge hittar for Tina Turner i 1989. Dei to songane kom til Turner via produsenten hennar på den tida, Mark Knopfler, som er ein god ven av White. «Polk Salad Annie» vart òg spelt inn av Elvis Presley og Tom Jones.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tony Joe White var den yngste av sju born og voks opp på ein bomullsfarm nær Oak Grove i Louisiana. Han byrja først å spele musikk for skuleball, og etter high school byrja han å spele på nattklubbar i Texas og Louisiana.[1]

1960- og 1970-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1967 signerte White kontrakt med Monument Records, og spelte inn musikk i eit platestudio i Nashville-forstaden Hendersonville i Tennessee, og skapte mange forskjellige stilar innan rock and roll, country og rhythm and blues. Billy Swan var produsenten hans i starten.

Dei neste tre åra gav White ut fire singlar utan noko særleg sukess, sjølv om «Soul Francisco» vart ein hit i Frankrike. «Polk Salad Annie» hadde vore ute på marknaden i ni månader og rekna som mislukka av plateselskapet hans, før han endeleg gjekk inn på salslista i USA i juli 1969. Han klartra til Topp 10 tidleg i august og nådde til slutt åttandeplassen. Dette vart den største hitten til White.

Debutalbumet til White, Black and White,[2] vart spelt inn med Muscle Shoals/Nashville-musikarane David Briggs, Norbert Putnam og Jerry Carrigan, og inneheldt «Willie and Laura Mae Jones» og «Polk Salad Annie», i lag med coverversjonar av Jimmy Webb sin «Wichita Lineman». «Willie and Laura Mae Jones» vart spelt inn av Dusty Springfield på albumet hennar i Dusty in Memphis, som òg vart spelt inn i 1969.

Tre singlar følgde raskt etter, alle mindre hittar, og White turnerte med Steppenwolf, Sly & the Family Stone, Creedence Clearwater Revival og andre store rockeband i 1970-åra, og spelte i Frankrike, Tyskland, Belgia, Sverige og England.

I 1973 var White med i filmen Catch My Soul, ein rockeopera av Shakespeare sin Othello. White spelte og song fire songar, og skreiv sju songar for musikalen.

Seint i september 1973 vart White henta inn av plateprodusenten Huey Meaux for å vere med på dei legendariske Memphis, innspelingane som vart Jerry Lee Lewis-albumet Southern Roots.[treng kjelde] Med på innspelingane, som skal ha gått hardt føre seg,[treng kjelde] var dei originale MGs (Steve Cropper, Donald «Duck» Dunn og Al Jackson jr frå Booker T. and the MGs) for første gong på tre år, i tillegg til Carl Perkins, Mark Lindsay (frå Paul Revere & the Raiders) og Wayne Jackson, i tillegg til The Memphis Horns.

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Frå 1976 til 1983 gav White ut tre album til, alle på forskjellige selskap. Dei prøvde å kombinere hans eingen swamp-rock-stil med den populære disco-stilen på den tida. Resultatet vart utan suksess og White gav opp karrieren som songar og konsentrerte seg i staden om å skrive songar.

Comeback i 1990-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1989 produserte White ein song på Tina Turner-albumet Foreign Affair. Resten av albumet vart produsert av Dan Hartman. Han spelte fleire instrument på albumet og skreiv fire songar,[2] inkludert tittelsporet og hitsingelen «Steamy Windows». Som følgje av dette fekk han Roger Davies som manager, som var manageren til Turner på den tida, og ein ny platekontrakt med Polydor.

Albumet som følgde, Closer to the Truth i 1991, selde godt og White var attende som plateartist. Han gav ut to album til for Polydor, The Path of a Decent Groove og Lake Placid Blues, som vart produsert i lag med Roger Davies.

I 1990-åra turnerte White i Tyskland og Frankrike med Joe Cocker og Eric Clapton, og i 1992 spelte han på Montreux-festivalen.

I 1996 gav Tina Turner ut songen «On Silent Wings», skriven av White.

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

I 2000 gav Hip-O Records gav ut One Hot July i USA. Det kritikarroste The Beginning kom ut på Swamp Records i 2001, etterfølgd av Heroines, som inneheldt fleire duettar med kvinnelege vokalistar, inkludert Jessi Colter, Shelby Lynne, Emmylou Harris, Lucinda Williams og Michelle White, på Sanctuary i 2004. Eit konsertalbum frå Austin City Limits, Live from Austin, TX, kom ut på New West Records i 2006.

I 2007 gav White ut eit anna konsertalbum, Take Home the Swamp, og samlealbumet Introduction to Tony Joe White. Songaren Elkie Brooks spelte inn ein av White sine songar, «Out of The Rain» i 2005 på albumet Electric Lady. 14. juli 2006 varma White opp for Roger WatersThe Dark Side of the Moon-konserten hans i Magny-Cours i Frankrike. White-albumet Uncovered kom ut i september 2006 der han samarbeidd med Mark Knopfler, Michael McDonald, Eric Clapton og J. J. Cale.

I 2013 gav Tony Joe White ut HoodooYep Roc Records.[3]

Den 15. oktober 2014 var White med på «The Late Show with David Letterman» i lag med The Foo Fighters for å spele «Polk Salad Annie».[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Diskografien Tony Joe White.
  • 1968 – Black and White (Monument Records #18114)
  • 1969 – Continued (Monument Records #18133)
  • 1970 – Tony Joe (Monument Records #18142)
  • 1971 – Tony Joe White (Warner Bros. Records #1900)
  • 1972 – The Train I'm On (Warner Bros. Records #2580)
  • 1973 – Homemade Ice Cream (Warner Bros. Records #2708)
  • 1973 – Catch My Soul – filmmusikkalbum (Metromedia Records/RCA #BML1-0176)
  • 1976 – Eyes (20th Century Records #T-523)
  • 1980 – The Real Thing (Casablanca Records #NB-7233)
  • 1983 – Dangerous (Columbia Records #FC-38817)
  • 1991 – Closer to the Truth (Remark Records/Polydor #511 386-2; òg på Swamp Records #723-2)
  • 1993 – The Path of a Decent Groove (Remark Records/Polydor #519 938-2)
  • 1995 – Lake Placid Blues (Remark Records/Polydor #527 530-2)
  • 1999 – One Hot July (Remark Records/Polydor #558 894-2; òg på Hip-O Records/Mercury #562 720-2)
  • 2001 – The Beginning (Swamp Records #5520; òg på Audium Records/Koch #8139)
  • 2002 – Snakey (Swamp Records #70724 21; òg på Munich [Netherlands] Records #MRCD-241)
  • 2004 – The Heroines (Sanctuary Records #06076 86366-2)
  • 2005 – Hard to Handle
  • 2006 – Uncovered (Swamp Records #70724 38; òg på Munich [Netherlands] Records #MRCD-279)
  • 2008 – Deep Cuts (Swamp Records #70834; òg på Munich [Netherlands] Records #MRCD-295)
  • 2010 – The Shine (Swamp Records #7220; òg på Munich [Netherlands] Records #MRCD-323)
  • 2013 – Hoodoo (Yep Roc Records #2348)
  • 2016 – Rain Crow (Yep Roc Records #2450)
  • 2018 – Bad Mouthin' (Yep Roc Records)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. IMDb, Tony Joe White Biography
  2. 2,0 2,1 Bush, John. «Tony Joe White: Biography». Allmusic. Henta 24. januar 2015. 
  3. http://www.npr.org/2013/11/30/247916012/tony-joe-whites-steamy-hoodoo-rock
  4. http://www.youtube.com/watch?v=RSQlSr7HIxE

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]