Tony Woodcock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tony Woodcock
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 6. desember 1955 (65 år)
Eastwood i Nottinghamshire
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1982, EM i fotball 1980

Tony Woodcock, fullt namn Anthony Stewart Woodcock, (fødd 6. desember 1955) er ein engelsk tidlegare fotballspelar. Han var angrepsspelar på Nottingham Forest, FC Köln og Arsenal FC.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Woodcock fekk sin ligadebut med andredivisjonslaget Nottingham Forest heilt på tampen av vårsesongen 1974. Fyrst eit par år seinare spelte han seg til fast plass i fyrsteellevaren. Han bidrog mykje til at Forest rykte opp til 1. divisjon våren 1977. Eitt år seinare stod han og lagkameratane att som engelske ligameistrar og vinnarar av ligacupen 1978. Våren 1979 lukkast Nottingham Forest å vinne ligacupen på ny, for så å vinne med 1-0 over Malmö FF i europacupfinalen på Olympiastadion i München.

Sommaren 1979 vart Woodcock overført til tyske FC Köln, ein klubb han spelte for fram til 1982. Dei fire sesongane mellom 1982 og 1986 tente han Arsenal FC i heimlandet. Der etter flytta han tilbake til Köln i Tyskland. Han spelte så to sesongar for FC Köln og frå 1988 til -90 for andredivisjonslaget Fortuna Köln.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå mai 1978 til februar 1986 deltok Woodcock i 42 landskampar. Han representerte England under europameisterskapen 1980 og verdsmeisterskapen 1982. I alt skåra han 16 landslagsmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]