Too Late for Love
| «Too Late for Love» Song av John Lundvik | ||
| Land | Sverige | |
| Språk | Engelsk | |
| Utgjeve | 23. februar 2019 | |
| Sjanger | Pop, soul | |
| Lengd | 02:58 | |
| Selskap | Warner Music Sweden | |
| Komponist | John Lundvik | |
| Tekstforfattar | John Lundvik | |
| Låtskrivar(ar) | John Lundvik, Anderz Wrethov, Andreas «Stone» Johansson | |
|---|---|---|
«Too Late for Love» (norsk 'for seint for kjærleik') er ein svensk popsong frå 2019 med den svenske songaren John Lundvik. Han vart framført for fyrste gong under Melodifestivalen i 2019, der han kvalifiserte seg til finalen laurdag 9. mars 2019.[1] Songen er den fyrste singelen til Lundvik sidan «My Turn» og nådde fyrsteplass på den svenske Sverigetopplistan i mars 2019. «Too Late for Love» vann til slutt Melodifestivalen og var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel, der han enda på femteplass. Blant songane som deltok der, var det britiske bidraget «Bigger than Us», som òg var skriven av Lundvik. I utgangspunktet skulle Lundvik sjølv framføre denne låten i Melodifestivalen, men etter sterkt ønske frå SVT bytte han låt.[2][3]
Melodifestivalen
[endre | endre wikiteksten]
«Too Late for Love» vart send inn til Melodifestivalen 2019, og var eit av 28 bidrag som vart plukka ut til å delta i den svenske tevlinga. «Too Late for Love» deltok i den fjerde semifinalen i Sparbanken Lidköping Arena i Lidköping laurdag 23. februar 2019. Der kvalifiserte han seg til finalen i Friends Arena i Stockholm 9. mars 2019. I finalen fekk «Too Late for Love» toppoeng frå alle jurygruppene og vann telefonavrøystinga, og dimed Melodifestivalen samanlagt.
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]Som vinnar av Melodifestivalen vart «Too Late for Love» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2019. I januar 2019 vart Sverige trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Sverige hadde startnummer 8. I avrøystinga vart «Too Late for Love» blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte dimed seg til finalen laurdag 18. mai.[4] I finalen kom songen på femteplass etter å ha kome på andreplass i juryavrøystinga og niandeplass i telefonavrøystinga. Lundviks andre bidrag i finalen, Storbritannias «Bigger than Us» enda på sisteplass.[5]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]| Liste (2019) | Høgaste
plassering |
|---|---|
| 32 | |
| 13 | |
| 3 | |
| 50 | |
| 27 | |
| 40 | |
| 38 | |
| 20 | |
| 1 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Bishara and John Lundvik to the Swedish final!». Henta 5. mars 2019.
- ↑ TT (9. februar 2019). «John Lundvik till Eurovision som låtskrivare». Henta 10. mars 2019.
- ↑ «John Lundvik vinner Melodifestivalen – blir historisk i ESC» (på svensk). Henta 10. mars 2019.
- ↑ «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019.
- ↑ «Eurovision Song Contest 2019 – final». EBU. mai 2019. Henta 22. mai 2019.
- ↑ «John Lundvik – Too Late for Love». Henta 24. mai 2019.
- ↑ «EESTI TIPP-40 MUUSIKAS: Rammstein ja Tyler lömastasid Billie Eilishi» (på estisk). 28. mai 2019. Henta 31. mai 2019.
- ↑ «TÓNLISTINN – LÖG | Plötutíðindi» (på engelsk). plotutidindi.is. 28. mai 2019. Arkivert frå originalen 29. mai 2019. Henta 2. juni 2019.
- ↑ ««Too Late for Love» – Dutch Charts». Henta 24. mai 2019.
- ↑ «Too Late for Love på VG-lista» (på norsk bokmål). Henta 24. mai 2019.
- ↑ «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 24. mai 2019.
- ↑ «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 26. mai 2019.
- ↑ «John Lundvik – Too Late for Love – hitparade.ch». Henta 26. mai 2019.
- ↑ «Sverigetopplistan – Sveriges Officiella Topplista» (på svensk). Henta 10. mars 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Too Late for Love» frå Wikipedia på bokmål, den 10. desember 2021.