Toots Thielemans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Toots Thielemans
Toots thielemans.jpg
Dutch Big Band Contest, 2006
Verkeleg namn Jean-Baptiste Frédéric Isidor, Baron Thielemans
Fødd 29. april 1922
Brussel i Belgia
Død

22. august 2016
Brussel

Instrument

gitar, fiolin, kromatisk munnspel, munnspel

Sjanger jazz
Aktive år 1949–2014
Yrke komponist, jazzmusikar, jazzgitarist, munnspelar, filmmusikkomponist
Nettstad http://www.tootsthielemans.com/

Toots Thielemans (fødd 29. april 1922 som Jean-Baptiste Frédéric Isidor, daud 22. august 2016) var ein belgisk jazzmusikar kjend for å spele gitar og munnspel i tillegg til plystring. Thielemans er rekna som ein av dei beste munnspelspelarane på 1900-talet.[1][2]

Han arbeidd som bandleiar og som sidemann, mellom anna mange prosjekt med Quincy Jones, og har skrive mykje filmmusikk. I 2009 vart han NEA Jazz Master, den høgaste æresprisen ein jazzmusikar kan få i USA.[3]

Han er kanskje mest kjend for å plystre melodien i reklamane for etterbarberingsvatnet Old Spice.

Han annonserte at han trekte seg tilbake frå musikkverda den 12. mars 2014, 91 år gammal. Han spelte likevel på scenen den 17. august 2014 på Jazz Middelheim-festivalen i Antwerpen, der han spelte Louis Armstrong sin «What a Wonderful World».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Thielemans starta karrieren sin som gitarist. I 1949 spelte han med Sidney Bechet, Charlie Parker, Miles Davis, Max Roach og andre i Paris.[4] I 1949 og 1950 spelte han med Benny Goodman på turné i Europa og var med på den første innspelinga si i Paris med tenorsaksofonisten Zoot Sims.[5] I 1951 hadde han blitt bandmedlem for Bobbejaan Schoepen (framleis som gitarist).[6][7]

Han flytta til USA i 1952 der han var medlem i Charlie Parker's All-Stars og arbeidde med Miles Davis og Dinah Washington.[treng kjelde] Frå 1952 til 1959 var han medlem av George Shearing Quintet, hovudsakleg på gitar, men òg på munnspel. Han spelte òg med Ella Fitzgerald, Jaco Pastorius, Stephane Grappelli, Édith Piaf, J.J. Johnson, Michael Franks, Peggy Lee, John Williams, Quincy Jones, Oscar Peterson, Bill Evans, Paul Simon, Billy Joel, The Happenings, Astrud Gilberto, Shirley Horn, Elis Regina, Joe Pass og andre.[2]

Ein jazzstandard av Toots Thielemans er «Bluesette», der han nyttar plystring og gitar i lag. Den første innspelinga med han er frå 1962, med tekst lagt til av Norman Gimbel. Songen vart ein stor hitt.

Han spelar munnspel i musikken til filmar som Midnight Cowboy, Cinderella Liberty, Jean de Florette, Sugarland Express, The Yakuza, Turkish Delight, The Getaway, French Kiss, Dunderklumpen i forskjellige fjernsynsprogram.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Toots Thielemans (venstre) og Joe Marsala (høgre), kring. 1947. Foto av William P. Gottlieb.
Toots på La Brasserie 1975

Store arbeid er:

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Lite utval.

Med Bill Evans

Med Dizzy Gillespie:

Med Urbie Green:

Med Oscar Peterson:

Med Billy Joel:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]