Top of the Pops

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Top of the Pops var eit britisk fjernsynsprogram som sendte musikk frå musikklista «UK Single Chart» frå 1964 og fram til 2006. Nokre gonger vert programmet kalla TOTP eller The Pops. Dette er det musikkprogrammet på TV som har vore på lufta lengre enn noko anna tilsvarande program. Programmet vart vist kvar veke på BBC, men er òg lisensiert til andre nasjonale versjonar rundt omkring i verda. Kvart program inneheldt ein halv time med fremføringar av nokre av artistane på lista for denne veka. Det avsluttande programmet vart vist 30. juli 2006, men BBC har halde fram ein julespesial i åra etter dette. Spin-off-serien Top of the Pops 2 er enno på lufta.