Topeka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Topeka
by
Land  USA
Areal 159,195366 km²
Folketal 126 587 (1. april 2020)[1]
Kart
Topeka
39°02′54″N 95°40′41″W / 39.04833°N 95.67804°W / 39.04833; -95.67804
Wikimedia Commons: Topeka, Kansas

Topeka er hovudstad i delstaten Kansas i USA og har i kring 126 500 ibuarar.[2] Byen, som ligg nordaust i delstaten ved Kansas-elva og 98 km vest om Kansas City, er eit administrasjons- og handelssenter.[2] Topeka er fylkessete i Shawnee County.[3] Meir enn 76 prosent av befolkninga er kvit og nær 12 prosent er afroamerikansk.[2]

Delstaten Kansas sysselset om lag kvar femte arbeidstakar.[2] Over 22 prosent er tilsett i undervisings-, helse- og sosialtenestene, og kringom 10 prosent i offentleg administrasjon.[2] Kring ein tidel av dei yrkesaktive arbeider med detaljhandel og like mange er sysselsett i framstilling av industrivarer.[2] Mange arbeider innom transport og finans-næringane.[2]

Delstatsforsamlinga, som vart bygt i tida 1866-1903, har same form som Capitol-bygningen i Washington, D.C.[2]

Namn[endre | endre wikiteksten]

«Topeka» er eit kansa-osage-ord som tyders ‘stad der me grev opp poteter’,[4] eller ‘ein god stad å grava opp poteter’.[5]

Som stadnamn er «Topeka» fyrst dokumentert i 1826 som kansanamnet på elva som no vert kalla Kansas River. Grunnleggjarane av Topeka valde namnet i 1855 fordi det var nytt, av urfolksopphav og klang godt.[a][6][7] Joseph James eller Jojim, ein lokal mann av delvis kansaopphav, har fått æra for å ha føreslått namnet.[8]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjonav Topeka frå 1869.

Topeka låg på ein stad der vogntog som drog vest frå Independence i Missouri, i ei rute kjend som Oregon Trail, kunne kryssa Kansaselva med ei ferje på 1840- og 1850-talet.[9] Trafikken auka på 1850-talet då ein ny militærveg mellom Fort Leavenworth og Fort Riley vart lagt gjennom staden.

Topeka vart grunnlagt i 1854 av slaverimotstandarar frå Lawrence i Kansas.[2] To år seinare vart byen hovudstad i Kansas-territoriet, og frå 1861 hovudstad i den nyoppretta delstaten Kansas.[2] Byen var ein bastion for slaverimotstandarane i Kansas-territoriet, som hadde fleire konflikt mellom abolisjonistar og nybyggjarar som støtta slaveriet, og som hadde makta i den dåverande hovudstaden Lecompton. Då sørlege styrkar marsjerte mot Topeka i 1856, blei det skipa ein milits og reist barrikadar på Quincy Street. Desse blei patruljerte av militsen til minst september 1856, då omleiringa av byen enda.[10][11]

Atchison, Topeka and Santa Fe Railway opna i 1859, og gjennom fleire tiår var Topeka sentral i bygginga av jarnbaner. Det kom også dampbåtar til Topeka med kjøt, mjøl og tømmer som drog tilbake austover med poteter, mais og kveite.

I 1966 vart byen råka av ein kraftig tornado som øydela fleire historiske bygningar.[2] Då den militære flybasen Forbes vart lagt ned i 1974, sokk folketalet med over 10 000.[2]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. «novel, of Indian origin, and euphonious of sound.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 Thuesen, Nils Petter (27. august 2019). «Topeka». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. «Topeka, Kansas». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. 
  4. Burn, Louis F. (1989) "A history of the Osage people", p. 579. Ciga Press, CA. ISBN 0-942574-09-5
  5. «City of Topeka, Shawnee County Kansas (KS) 66603». www.livingplaces.com. Arkivert frå originalen 5. juli 2017. Henta 20. januar 2015. 
  6. «Topeka's Roots: the Prairie Potato — Barbara Burgess». www.barbburgess.com. Arkivert frå originalen 27. september 2017. Henta 11. mars 2007. 
  7. King, Dick (20 Nov. 2005). «'Topeka' rooted in spuds». Topeka Capital-Journal [https://web.archive.org/web/20140627095149/http://findarticles.com/p/articles/mi_qn4179/is_20051120/ai_n15870227 Arkivert 2014-06-27 ved Wayback Machine.
  8. Connelley, William E. "Origin of the Name of Topeka". Collections of the Kansas State Historical Society, Vol. 27, pp. 589–593
  9. «Granddaughters of White Plume - Kansapedia - Kansas Historical Society». www.kshs.org. Arkivert frå originalen 19. januar 2015. Henta 19. januar 2015. 
  10. Maj. Brian A. Riniker, “How United States Army Leaders at Fort Leavenworth Performed Peacekeeping Operations in Territorial Kansas” (MMAS thesis, U.S. Army Command and Staff College, Fort Leavenworth, Kans., 2007), pp. 74-5.
  11. James L. King, ed., Church history of Shawnee County, Kansas, and Representative Citizens (Chicago: Richmond & Arnold Publishers, 1905), online at http://history.rays-place.com/ks/sh-church.htm Arkivert 2017-02-02 ved Wayback Machine. «Church history of Topeka, Kansas». Henta 3. april 2020. [daud lenkje] .

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Topeka