Topografisk kart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit topografisk kart over Mount Kiska i Aleutene

Eit topografisk kart er eit kart som viser topografien i området kartet dekker. Topografiske kart har numerisk høgdeopplysingar for somme punkt, og den generelle terrenghøgda vert vist med kotar. Fargar og skravering vert brukt for å angi snaufjell, vegetasjon, myr, elvar, vatn med meir. I tillegg brukar ein fleire symbol for å angi busetnad og anna.