Toppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toppe
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Folketal 1 759  (2023)
Postnummer 5136 MJØLKERÅEN
Preposisjon Toppe
Gardnummer 183-184

Toppe er to matrikkelgardar, Nordre Toppe og Søre Toppe, i Åsane bydel i Bergen. Delinga i Nordre og Søre skjedde før 1350. Folketalet innanfor dei to gamle matrikkelgardane var 1 759 i 2001 - 13 i Søre Toppe og 1 746 i Nordre Toppe. Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen. Toppe ligg nordvest i Åsane.

Frå 1970-talet har det vorte bygd store bustadfelt på Nordre Toppe, noko som førte til kraftig folkeauke.

Det er framleis gardsdrift på eitt bruk på Nordre Toppe. På Søre Toppe har det ikkje vore utbygging av bustader, og her vert det framleis drive gardsdrift, i tillegg til heilårleg blomeproduksjon i store drivhus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


  • Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 156-167