Hopp til innhald

Toppserien 2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toppserien 2012
Avdelingar: 1
Lag: 12
Opprykk til: Øverste nivå
Nedrykk til: 1. divisjon 2013
Statistikk
Kamper: 132
Mål: 501
Mål per kamp: 3,795
Andre ligaer
Nivå 1: Toppserien 2012
Nivå 2: 1. divisjon 2012
Nivå 3: 2. divisjon 2012
Nivå 4: 3. divisjon 2012
Nivå 5: 4. divisjon 2012
Sesongar
2011 2013

Toppserien 2012 var den 26. sesongen av den øvste norske divisjonen i fotball for kvinner. Sesongen starta 14. april og vart avslutta den 11. november, med ein pause mellom 30. juni og 21. juli, på grunn av J19-EM, og frå 5. august til 21. september på grunn av U20-VM. Dette var fyrste gongen Toppserien vart utsett på grunn av meisterskap for aldersbestemde landslag. Røa var regjerande seriemeister, og dei to lagene som rykket opp før sesongstart var Vålerenga og Fart. Det var Vålerenga sin fyrste og Fart sin andre sesong i Toppserien.

Serien vart vunne av LSK Kvinner, som vann for fyrste gong. Stabæk tok sylv. Bronsen vart avgjort etter at Røa fekk poengtrekk og Arna-Bjørnar dermed tok bronsen på målforskjell. Fart rykka rett ned igjen, medan Kattem spelte kvalifisering, som vart introdusert før denne sesongen. Kattem vann over Medkila, men trakk seinere laget. Deretter vart plassen til Kattem tilbydd først Fart, som takka nei, og deretter Medkila, som takka ja.

#LagKSUTMål±P
1LSK Kvinner22182266174956
2Stabæk (N)22155270214950
3Arna-Bjørnar22145361214047
4Røa (S)22154358193947**
5Kolbotn229763635134
6Sandviken2292114551−629
7Klepp2275104141026
8Vålerenga (O)2265112747−2023
9Trondheims-Ørn2263132950−2121
10Amazon Grimstad2255122535−1020
11Kattem2253143456−2215*
12Fart (O)2200229108−990

*Kattem vart trekt eitt poeng 17. september for manglande rapportering, og deretter to poeng 22. oktober på grunn av klubblisensbrot mot handlingsplan 2012.
**Røa vart trekt to poeng 22. oktober på grunn av dårlig økonomi.
Kjelde: fotball.no
Sist oppdatert: 12. november 2012 09:26 (CEST)