Hopp til innhald

Toppserien 2013

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toppserien 2013
Avdelingar: 1
Lag: 12
Opprykk til: Øverste nivå
Nedrykk til: 1. divisjon 2014
Statistikk
Mål: 434
Mål per kamp: 3,287
Andre ligaer
Nivå 1: Toppserien 2013
Nivå 2: 1. divisjon 2013
Nivå 3: 2. divisjon 2013
Nivå 4: 3. divisjon 2013
Nivå 5: 4. divisjon 2013
Nivå 6: 5. divisjon 2013
Sesongar
2012 2014

Toppserien 2013 var den 27. sesongen av den øvste divisjonen for norsk kvinnefotball. Stabæk tok sitt andre seriegull, foran LSK Kvinner og Arna-Bjørnar. Dette var debutsesongen i Toppserien for Avaldsnes. Fra førre sesong rykka også Medkila opp etter at Kattem trakk laget sitt. Etter sesongslutt rykka Sandviken ned, medan Amazon Grimstad spelte kvalifisering mot Sarpsborg 08.

Toppserien 2013 hadde langt færre mål enn dei to føregåande sesongane. Den største sigeren var Arna-Bjørnars 8-1 over Medkila. Avaldsnes tangerte Donns beste plassering i debutsesongen for eit opprykka lag med ein fjerdeplass.

#LagKSUTMål±P
1Stabæk2217416495555
2LSK Kvinner22154351183349
3Arna-Bjørnar22108439241538
4Avaldsnes2210393933633
5Vålerenga228864137432
6Kolbotn229493942−331
7Trondheims-Ørn2293103949−1030
8Røa227782533−828
9Medkila2275102744−1726
10Klepp2263132950−2121
11Amazon Grimstad2236132239−1715
12Sandviken2231181956−3710

Kvalifisering til Toppserien 2014

[endre | endre wikiteksten]

I kvalifiseringa til Toppserien 2014 møtte Amazon Grimstad andreplassen i 1. divisjon, Sarpsborg 08, og fekk behalde plassen i Toppserien med 32 samanlagt.

Toppserien Samanlagt 1. divisjon Heime (9.11.) Borte (16.11.)
Amazon Grimstad32Sarpsborg 081220