Toppskarv
Utsjånad
| Toppskarv | |
Toppskarv | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Status i Noreg: Utbreiinga av toppskarv | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Sulefuglar Suliformes |
| Familie: | Skarvefamilien Phalacrocoracidae |
| Slekt: | Gulosus |
| Art: | Toppskarv G. aristotelis |
| Vitskapleg namn | |
| Gulosus aristotelis | |
Toppskarv (Phalacrocorax aristotelis) er ein sjøfugl som hekkar i koloniar. Fuglen høyrer til skarvfamilien.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Toppskarven finst i nordlege og vestlege Europa. I Noreg hekkar han i kystområde på Vestlandet, i Trøndelag og i Nordland.[2]
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Han er svart og ganske kort. Namnet kjem frå det karakteristiske hovudet som får ei særeigen «sløyfe» hos hannane i paringstida. Fuglen er derfor lett å skilje frå andre artar, men kan særleg vinterstid forvekslast med storskarv.
Levemåte
[endre | endre wikiteksten]
Hoa legg 2-3 lyseblå egg i mai. Begge foreldra rugar, rugetida er 30 dagar. Ungane vert mata med oppgulpa fisk. Dei blir i reiret i over 50 dagar.
Toppskarven overvintrar vanlegvis i Noreg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Referansar
- ↑ Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av toppskarv Phalacrocorax aristotelis for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022.