Hopp til innhald

Tor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå namnet Tor.
Tor med hammaren, jarnvotten og styrkebeltet i eit islands manuskript frå 1700-talet.

Tor (norrønt Þórr) er ein mektig gud frå den norrøne mytologien. Han skal vera den eldste sonen til Odin medan mor hans var åsynja Fjorgyn (eller Jord). Tor seiest å rå over vêret, særleg torevêret, og det er sagt at både torerumlinga og lynglimta er skapt av bukkekjerra hans. Han er òg gud for grøde og krig. Både torsdagen og mange stader og menneske er kalla opp etter han.

«Tors strid med jättarna» (1872), måla av Mårten Eskil Winge.

Den viktigaste reiskapen til Tor er hammaren Mjolne, som treffer alt han siktar på, og som alltid kjem tilbake til handa hans. For å halde hammaren brukar guden ein jernhanske, og han har òg eit belte som gjer han sterkare. Det heiter Megingjord.

Tor har ei vogn som dei to bukkane Tanngnjost og Tanngrisne dreg. Ein kan sjå henne på stjernehimmelen, som bildet Karlsvogna.

Tor er gift med den vakre åsynja Siv, og saman fekk dei sonen Mode og dottera Trud. Hallen deira heiter Bilskirne og ligg i Trudvang, eller «styrkeheimen».

Guden har òg andre born, til dømes Magne som han fekk med jotnekvinna Jarnsaksa.

Tenarane til Tor heiter Tjalve (Þjalfi) og Røskva. Dei er menneske, av fattig bondeætt. Tor fekk de to syskena av bonden etter at ein av Tor sine bukkar vart halt etter eit uvøre kveldsmåltid heime hjå dei.

Eit fragment av eit steinmonument frå tidleg kristen tid som syner Tor som fiskar opp Midgardsormen med eit oksehovud som agn. Fragmentet er å sjå i kyrkja i Gosforth i Nordvest-England, der den kjente Gosforthkrossen står på kyrkjegarden.
Tor i kamp mot Midgardsormen, framstilla av Johann Heinrich Füssli1700-talet.

Tor er ein gud det finst mange historier om. Mange av dei er morosame, til dømes korleis Tor måtte kle seg som ei brur for å lura hammaren sin tilbake frå jotunen Trym, eller då han nesten fiska Midgardsormen. Som gjest hjå Utgards-Loke har Tor òg ein gong prøvd å løfta Midgardsormen då denne var tilgjord som katt.

Spådommen om Ragnarok seier at Tor då endeleg skal drepa erkefienden sin, Midgardsormen, men så berre orka ni skritt før han segnar om og døyr.

Slektskap med andre mytologiar

[endre | endre wikiteksten]

Eigenskapane og forteljingane om guden viser at han liknar herskargudane i dei andre indoeuropeiske religionane, til dømes Zevs i gresk, Jupiter i romersk og Indra i vedisk religion. Baltiske Perkūnas, slaviske Perun og keltiske Taranis er òg toregudar som liknar på Tor.

Dei finsk-ugriske gudane Tiermes, Tordöm eller Torum har òg like eigenskapar og namn som Tor, og kan anten ha vore eit mytologisk lån eller visa til ei felles kulturarv.

Tor er kjend under mange andre namn, til dømes Ake-Tor, Asa- eller Åsator, Astvinr, Einride, Lorride/Hlorride, Horagalles, Thur, Ukko, Veur, Vingne og Vingtor.

At Tor var ein mykje akta gud, ser me av at namnet er brukt mykje som namnedel, både i personnamn og stadnamn, og i namnet til torsdagen. I nyare tid er «Tor» eller «Thor» åleine òg blitt eit personnam, men dette var ikkje vanleg i norrøn tid. Tora er eit tilsvarande norsk kvinnenamn.

Tor som namnedel

[endre | endre wikiteksten]
Gutenamn Toralv, Torgeir, Tore, Tormod, Torolf, Torvald
Jentenamn Torborg, Torbjørg, Torhild, Torny, Torunn, Tordis
Stadnamn Torsaker, Torsberg, Torsharg, Torshov, Torshavn, Torsland, Torslunda, Torsnes, Torsvi, Torvik, Torsøy; Thurso i Skottland.

Grunnstoffet thorium er kalla opp etter tordenguden.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]