Tor B. Jørgensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tor Berger Jørgensen)
Tor B. Jørgensen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. desember 1945 (78 år)
Oslo
Yrke prest, misjonær, biskop
Verv Biskop i Sør-Hålogaland
Periode 2007-2015
Føregangar Øystein I. Larsen
Etterfylgjar Ann-Helen Fjeldstad Jusnes
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Tor B. Jørgensen på Commons

Tor Berger Jørgensen (fødd 27. desember 1945 i Oslo) er ein norsk prest som var biskop i Sør-Hålogaland bispedømme frå januar 2007 til utgangen av 2015.

Tor Jørgensen studerte teologi ved Misjonshøgskolen i Stavanger og Menighetsfakultetet i Oslo og vart cand.theol. i 1972. Han vart ordinert 21. januar 1973 i Gamle Aker kyrkje. Han gifta seg med Anne Marie Berger frå Frogner i Sørum 4. august 1973.

Han har tidlegare arbeidd som vernepliktig feltprest, før han i 1974 reiste til Japan for misjonsteneste for Det norske Misjonsselskap og Kinki Evangelisk-Lutherske kyrkje. Der gjorde han teneste frå 1974 til 1980 og frå 1983 til 1989, dei siste åra som professor i kyrkjehistorie ved Kobe Lutherske Teologiske Seminar. I perioden 1980-1983 var han stipendiat i kyrkjehistorie.

Frå 1989 arbeidde han ved hovudkvarteret til Det norske Misjonsselskap, frå 1991 til 1999 som generalsekretær. 30. januar 2000 vart han innsett som domprost i Bodø. 28. januar 2007 vart han ordinert som biskop Sør-Hålogaland.

I 2000 endra Jørgensen syn om homofile si stilling i kyrkja og har sidan vore mellom dei mest liberale i dette synet. Jørgensen var òg kandidat som biskop i Oslo bispedømme i 2005, då Ole Christian Kvarme vart vald. Ei knapp veke før han skulle vigslast til biskop 28. januar 2007 sa han til Aftenposten at han gjekk inn for at det skulle innførast eit eige ritual i kyrkja for homofile par som inngjekk partnerskap.

Den 8. januar 2009 prestevigde biskop Jørgensen ein person som var sambuar. Ordinasjonen var historisk ettersom ein aldri tidlegare hadde ordinert nokon som levde ope som sambuar til prest i Den norske kyrkja før. Dette var også i strid med reglane til kyrkja, slåttfast i 1995. Både preses i bispekollegiet, biskop Olav Skjevesland, og leiaren i Kyrkjerådet Nils-Tore Andersen tok avstand frå at biskop Jørgensen sette til side retningslinene.[1]

5. oktober 2019 vart Tor B. Jørgensen innsett som biskop for Den lutherske kyrkja i Storbritannia; dette er eit ulønna verv.[2]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Glede i grått (1984), frå Japan
  • Om Japan i Det Norske Misjonsselskaps jubileumshistorie (1992).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vårt Land: Biskop lot samboer bli prest Arkivert 2009-01-31 ved Wayback Machine. Sist besøkt 28. januar 2008
  2. Vårt Land 7.10.2019

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]