Tor Bergeron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tor Bergeron

Fødd15. august 1891
Godstone
Død13. juni 1977
Uppsala
NasjonalitetSverige
Områdemeteorologi
Yrkemeteorolog
InstitusjonarUppsala universitet
Sveriges meteorologiska och hydrologiska institut
Alma materUniversitetet i Bergen
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Det Norske Videnskaps-Akademi

Tor Harold Percival Bergeron (15. august 189113. juni 1977) var ein svensk meteorolog som sette fram teoriar om danning av nedbør i skyer. Han kom til Bergen i 1922 der han i lag med Vilhelm Bjerknes, Jacob Bjerknes og Halvor Solberg var ein del av meteorologane i Bergensskulen som danna grunnlaget for moderne vêrvarsling.

Bergeron vart dr.philos. i Oslo i 1928 og arbeidde som vêrvarslar i Oslo fram til 1935, då han flytta tilbake til Sverige. I 1946 vart han han professor i meteorologi i Uppsala.

På 1930-talet utvikla Bergeron og Walter Findeisen eit konsept om at skyer kunne innehalde både underkjølte vassdropar og iskrystallar. I følgje Bergeron blir mesteparten av nedbøren danna ved at vatn fordampar frå små underkjølte vassdropar og sublimerer på iskrystallane, som så fell som snø eller smeltar og fell som regn. Denne prosessen er kjend som Bergeronprosessen, og ein meiner i dag at dette er ein av dei mest vanlege metodane ein får danna nedbør på.

Bergeron studerte òg detaljane i nedbørsfordelinga og viste med eit særs tett nett av nedbørmålarar at fordelinga er sterkt avhengig av sjølv små variasjonar i terrenget. Bergeron mottok fleire heidersteikn og var mellom anna medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Tor Harold Percival Bergeron» i Store norske leksikon, snl.no.