Hopp til innhald

Tor Fredrik Kaasen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tor Fredrik Kaasen


StatsborgarskapNoreg
Fødd15. juli 2002 (23 år)
Moss kommune
Idrettsjakk

Tor Fredrik Kaasen (fødd 15. juli 2002 i Moss) er ein norsk sjakkspelar, Internasjonal Meister i sjakk (IM). Tor Fredrik Kaasen flytta til Tromsø då han var eitt år, vaks opp der, og er eit produkt av det sterke sjakkmiljøet i Tromsø Sjakklubb.

Internasjonal Meister i sjakk

[endre | endre wikiteksten]

Tor Fredrik Kaasen vart IM etter sterke resultat i tre internasjonale turneringar i Noreg. I Oslo Chess Festival 2016, 30.9-6.10.2016, tok han 6,5 poeng på 9 rundar. I Kragerø Resort Chess 2017, 22-26.2.2017, tok han 5 poeng på 9 runder. Og i Kragerø Resort Chess 2018, 21-25.2.2018, tok han 5,5 av 9, eit heilt poeng over IM-kravet. Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400 hadde han oppfylt allereie pr. 1. desember 2016 med 2405. Han vart deretter utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet på FIDE-møtet i Minsk, 6-9. april 2018.[1]

To napp i stormeister-tittelen

[endre | endre wikiteksten]

Tor Fredrik Kaasen har to innteikningar i stormeister-tittelen. Den første kom i eliteklassa i NM i sjakk på Kongsvinger i 8-16. juli 2022, med 6 poeng på 9 parti. Det andre nappet kom på Fagernes Chess International 2023, 2-9. april 2023, også då med 6 av 9 moglege. Kaasen treng eitt slikt resultat til for å bli stormeister, og dessutan må han få eigen rating over 2500. Han har som mest hatt 2496 pr. 1. juli 2023.

  1. «FIDE Title Applications and Norms. Chess titles», International Chess Federation (FIDE) (på engelsk), henta 7. august 2025

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]