Tor Fuglevik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tor Fuglevik

Nasjonalitet norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7.april 1950
Kristiansand
Yrke journalist og medieleiar
Språk norsk
Tor Fuglevik på Commons

Tor Aslak Fuglevik (fødd 7. april 1950 i Kristiansand) er ein norsk journalist og medieleiar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Fuglevik tok eksamen frå Norsk journalistskule i 1971, og Samfunnsvitskapeleg embetseksamen frå Universitetet i Oslo i 1975.

Fuglevik starta i NRK Radio i 1971 som nyhendereporter i Dagsnytt som 21-åring. I 1976-1977 var han informasjonssjef i Justisdepartementet, og 28 år gamal vart Fuglevik i 1978 sjef for NRK Sørlandet. Han var så sjef for NRK Austlandssendinga (1984-1986), assisterande radiodirektør i NRK P1 (1986-1988) og radiodirektør i NRK (1989-2000). Fuglevik var vara-kringkastingssjef og direktør for NRK Futurum 2000-2001.

Som radiodirektør var Fuglevik mellom anna ansvarleg for innføringa av eit nytt, nasjonalt trekanaltilbod med kanalane P1, P2 og Petre i 1993, for verdas første heildigitale radiokanal NRK Alltid Klassisk i 1995 og for etableringa av Noregs første nyhendekanal, NRK Alltid Nyheter, i 1997.

Etter 30 år i NRK slutta han i 2001 som vara-kringkastingssjef i NRK for å bli administrerande direktør i Norges televisjon (NTV). Her leia Fuglevik den faglege og politiske prosessen fram til Stortinget si endelege avgjerd i 2004 om bygging av det landsdekkjande, digitale tv-nettet som NRK og RiksTV i dag nyttar.

Fuglevik slutta i NTV i 2006 etter endt årmål, og vart same år tilsett som direktør i MTG.

Anna verksemd[endre | endre wikiteksten]

Måltrolla Ottar Grepstad (til venstre) og Tor Fuglevik i Språkrådet sitt styre inntek Oslo i 2009. Inge Grødum si teikning står i verket Norsk presses historie 1-4 (1660–2010) og er fritt etter Olaf Gulbransson si teikning i Tyrihans i 1899, den gong med dei tre trolla Arne Garborg, Per Sivle og Ivar Aasen.

Bokmålsmannen Fuglevik har jamvel som mangeårig radiodirektør i NRK og som medlem av styret i Språkrådet engasjert seg for nynorsken si stilling i Noreg. I 2009 tok han til orde for at dei store landsdekkjande Oslo-avisene burde bli fråtekne den store, indirekte statsstøtta i form av såkalla nullmoms dersom dei held fram med å undertrykke nynorskjournalistikken. Det vart det i ettertid mykje bråk av.

Fuglevik har gjeve ut fleire bøker om kringkasting. Han har hatt leiande verv i den europeiske kringkastingsunionen EBU, og har vore medlem av styra i mellom anna Språkrådet og Det Norske Samlaget. Fuglevik fekk i 2008 Prix Radio sin heiderspris for å ha hatt «ansvaret for mye av moderniseringen av radiomediet i Norge».[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]