Tor Inge Smedås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tor Inge Smedås
Fødd 25. august 1957
Hamar
Yrke fotballspelar

Tor Inge Smedås (fødd 25. august 1957) er ein tidlegare fotballspelar frå Os i Østerdalen. Han vann to NM-gull og eitt seriegull med Lillestrøm Sportsklubb i tida 1981-86. Smedås deltok i to landskampar for Noreg.

Smedås spelte sesongane 1978 og -79 på Mjøndalen IF i 2. divisjon. Før 1980-sesongen melde han overgang til Lillestrøm, der han snøgt fekk plass i laget som sideback. Både i 1981 og 1986 var han med då Lillestrøm vann cupfinalen over høvesvis Moss FK og Vålerengen. Også i 1986 tok Lillestrøm og Smedås seg til NM-finale på Ullevaal stadion i Oslo, men tapte 1-4 for overraskingslaget Tromsø Idrettslag. Lillestrøm var klare favorittar, ettersom klubben på førehand hadde sikra seg seriemeistertittelen. Frå 1987 til -90 var Smedås ein av Hamarkameratene.

Forsvarsspelaren Smedås tok plass på venstrebacken då Noreg møtte Sovjetunionen hausten 1986 og Tyrkia våren 1987 i OL-kvalifiseringskampar, to kampar som begge enda uavgjort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]