Tor Langbach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tor Langbach (fødd 26. januar 1949) er ein norsk jurist fødd i Trondheim, og er noverande direktør for Domstoladministrasjonen.

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Tor Langbach tok examen artium i 1967, og vart cand. jur. i 1975. I studietida var han med i rettshjelpstilbodet JussBuss i 1972-73. Han var vit.ass. 1973-1974. Han var førstesekretær i Direktoratet for vilt og ferskvannsfisk 1975-76, konsulent hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag 1976-1978 og dommarfullmektig i Midt-Trøndelag heradsrett 1978-1979. Han fekk advokatløyve i 1979. Han var førstekonsulent i Trondheim kommune 1979-1981. Han dreiv eige advokatkontor i Trondheim frå 1981 til 1993, og var mellom anna fast forsvarar i Frostating lagmannsrett. Frå 1993 var han dommar, mellom anna i konstituert lagdommar i Frostating lagmannsrett, mesteparten av tida tingrettsdommar og etter kvart nestleiar i Trondheim tingrett. Han er mellom anna kjend som dommar i den mediaomtala Orderud-saka i Nes heradsrett i 2001.

Frå 2006 hadde Tor Langbach eit engasjement i Domstoladministrasjonen, og har sidan 4. september 2007 vore direktør for Domstoladministrasjonen i Noreg, som har hovudsete i Trondheim. Åremålet som direktør strekkjer seg over 6 år og går ut i september 2013.[1]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]