Toralf Westermoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toralf Westermoen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juli 1914
Landvik kommune
Død

6. mai 1986 (71 år)

Yrke politikar, ingeniør
Språk norsk
Politisk parti Kristeleg Folkeparti
Toralf Westermoen på Commons

Toralf Westermoen (5. juli 19146. mai 1986) var ein norsk industrileiar og stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti, fødd i Landvik i Aust-Agder. Gjennom sitt leiarskap i verftsnæringa i Vest-Agder var han ein sentral aktør i utviklinga av og bygginga av hurtigbåtar i Noreg.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Westermoen var son til ein gardbrukar og båtbyggjar. I yngre år tok han del i båtbyggjarverksemda, og gjekk handelsskule. Han starta i 1948 opp A/S Westermoen Båtbyggeri og Mek. Verksted i Mandal, og var direktør i firmaet til 1961, deretter administrerande direktør ved Westermoen Hydrofoil A/S til 1971 og til sist i selskapet Westamarin, også desse heimehøyrande i Mandal.

Westermoen Båtbyggeri byrja utvikle ein snøggåande motortorpedobåt tidleg i 1950-åra. Det resulterte i konstruksjonen «Nasty», grunnlaget for den såkalla Tjeld-klassen av motortorpedobåtar. I tida 1957-71 vart bygt 42 båtar i denne klassen, båtar med ei toppfart på i kring 45 knop. Halvparten av Tjeld-båtane vart eksportert til Tyskland, Tyrkia, Hellas og USA.

Westermoen gav så Harald Henriksen i oppdrag i å utvikle ein ny hurtigbåt med katamaranskrog. Han utvikla den såkalla westamaranen, ein båt men plass til fleire passasjerar og med enklare vedlikehald enn hydfrofoilbåten. Verksemda A/S Westermoen Båtbyggeri og Mek. Verksted er i dag vidareført gjennom selskapet Umoe Mandal.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Westermoen var medlem i Mandal bystyre i åra 1956-63. Frå 1969 til 1981 møtte han på Stortinget frå Vest-Agder, vald for Kristeleg Folkeparti. Fram til 1979 var han medlem i Industrikomiteen, dei to siste sesjonane sat han i Forsvarskomiteen. Lokalt hadde han ei rad styre- og tillitsverv både i næringslivet, samfunnsstyringa og i kristelege lag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]