Toralv Markussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Toralv Kollin Markussen (23. februar 189517. desember 1973) var ein norsk arbeidar frå Ankenes i Nordland. Han representerte Norges Kommunistiske Parti og kjøpstadene i Nordland, Troms og FinnmarkStortinget i perioden 1945–49.

Markussen var son til ein gardbrukar. Sjølv var han 1913–15 tilsett ved Ofotbanen og deretter nokre år ved jarnbanen i Trondheim. Etter å ha gått teknisk skule i Oslo 1918–19, byrja han å nytt å arbeide på Ofotbanen. Her arbeidde han sidan, frå 1943 som oppsynsmann.

Markussen var medlem i Narvik bystyre frå 1932 og i formannskapet frå 1935. Frå 1936 var han med i sentralkomiteen til NKP. Han var med i forliksrådet og elles styreformann i Narvik renholdsverk. Hausten 1945 vart Markussen vald inn på Stortinget, som ein av 11 representantar frp NKP. Dei neste fire åra hadde han sete i Lagtinget og Veg- og jarnbanekomiteen. Han lukkast ikkje vert attvald til Stortinget i 1949.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]