Toralv Øksnevad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toralv Øksnevad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. januar 1891
Høyland
Død

31. juli 1975 (84 år)
Oslo

Yrke journalist, radioprogramleiar, redaktør, politikar
Språk norsk
Politisk parti Venstre

Toralv Øksnevad (13. januar 189131. juli 1975), fødd i HøylandJæren, er mest kjend som «Stemma frå London» under den andre verdskrigen. I tida frå januar 1941 til mai 1945 var han den fremste radiotalaren i British Broadcasting Corporation (BBC) si norske sending. Øksnevad er rekna som grunnleggjar av moderne nyhendeteneste i Norsk rikskringkasting (NRK).

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Øksnevad sin familie flytta til Bergen medan han var barn, og i oppveksten var han sjef for Dræggens buekorps.

I 1912 vart han tilsett i Dagbladet. Frå 1914 til 1916 var han leiar for Unge Venstre, og ein periode på 1920-talet var han leiar for Oslo Venstre. I åra 1927–33 var han redaktør for Romsdalsposten. Perioden 1931 til 1933 var han varamann til Stortinget for byane i Møre og Romsdal. Han vart tilsett i NRK frå starten hausten 1933, og var leiar for nyhende- og aktualitetsavdelinga frå 1937 til 1961. I desember 1940 vart Øksnevad kalla til London for å ordna regjeringa sitt tilhøve til BBC. Han vart sett til å vera leiar for dei norske sendingane i BBC, frå 1944 med tittelen «midlertidig riksprogramsjef».

Frå september 1941 var det ulovleg å høyra på radio i Noreg, om ein ikkje var medlem av Nasjonal Samling (NS). Forbodet var meint å skulle gjera slutt på at folk høyrde propaganda frå London. Trass i dette lurde mange vekk radioapparat, og «Stemma frå London» sette mot i mange.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Toralv Øksnevad var bror til Reidar Øksnevad. Toralv Øksnevad gifta seg med Amélie Semb i 1914, og dei fekk mellom anna dottera Kari. Kari Øksnevad gifta seg seinare med filmskaparen Arne Skouen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]