Torarin Lovtunge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Torarin Lovtunge (norrønt: Þórarinn loftunga) var ein islandsk skald som levde om lag i tida 980–1045.[1][2] Han var skald hos kong Knut den store og seinare hos sonen hans, kong Svein Knutsson (Alfivason). Tilnamnet «lovtunge» fekk han fordi han i sine hyllingsdikt til kongane gjerne brukte eit sterkt rosande språk.

Diktverk[endre | endre wikiteksten]

Hǫfuðlausn[endre | endre wikiteksten]

Det blir fortalt om Torarin at han først kom til kong Knut den store med ein flokk som han hadde dikta til han. Ein flokk (norrønt flokkr) er ei diktform som hadde litt lågare status enn ei dråpa (norrønt drápa). Kong Knut oppfatta dette som ei krenking og kravde at Torarin i løpet av natta skulle dikte ei dråpa til han, elles ville han bli hengt. Torarin redda hovudet sitt med å dikte om på flokken, og difor vart diktet kalla «Hǫfuðlausn» (hovudinnløysinga).

Tøgdråpa[endre | endre wikiteksten]

I diktet «Tøgdråpa» skildrar Torarin kong Knut si ferd til Noreg i 1028, etter at han hadde avsett kong Olav Haraldsson (etter Slaget ved Helgeå). Diktet har namn etter versemålet tøglag som er ei type fornyrdislag. Nokre strofer av diktet er sitert i Soga om Olav den Heilage og andre i Knytlinga saga. Torarin var med på ferda og diktet må reknast som eit augnevitneutsegn om det som hende. I strofe 7[Note 1] i diktet skildrar skalden mellom anna kong Knut si avgjerd om kven som skulle styre Noreg og Danmark:

Då gav
hæve jutars Konge
sin systerson
heile Noreg,
og gav
sin eigen son
å råde over
Danmark, sjølandet.
Þá gaf sínum
snjallr gǫrvallan
Nóreg nefa
njótr veg Jóta,
ok gaf sínum
(segi-ek þat) megi
dals dökk-salar
Danmǫrk svana

Glælognskviða[endre | endre wikiteksten]

Glælognskviða[3][4] er retta til Svein Knutsson (Alfivason) som var konge i Noreg i tida 1030–1035. Namnelekken «glælogn» kan ha tydinga 'stille, ro' og diktet er ofte kalla «havstille-kvedet». Det er skrive i verseforma kviduhått og dei fleste av dei kjende strofene handlar om undera knytt til grava åt Olav den heilage. Medan Torarin tidlegare var ein stor motstandar av Olav den Heilage, endar dette diktet med ei oppmoding til kong Svein om å bøye seg for helgenkongen og be om hans hjelp til å behalde riket. Strofe 9 lyder slik:

Til Olav be
om å unne deg
det land han styrde,
no Guds ven.
- han er signa
av Herren sjølv
med år og fred
for alle menn -
Bið Óleif
at hann unni þér,
hann er guðs maðr,
grundar sinnar
– hann of getr
af guði sjölfum
ár ok frið
öllum mönnum –

Diktet er rekna for å vere av stor kulturhistorisk og religionshistorisk betydning og er truleg det eldste vitneprovet på trua om at Olav var heilag.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ordlyden i skaldeverset kan ikkje tolkast annleis enn som to likeverdige utsegn; like fullt som Hardeknut vart sett til konge over Danmark, vart Håkon Eiriksson Ladejarl sett til sjølvstendig herskar over Noreg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk biografisk leksikon Torarin Lovtunge
  2. The Skaldic Project Arkivert 2015-09-28 ved Wayback Machine. om Þórarinn loftunga
  3. Glælognskviða, Soga om Olav den heilage - (Samlaget 1963) m.a. side 264
  4. Den norrøne litteraturen band VI side 13 og 21 ( Samlaget 1963)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Den norsk-islandske Skjaldediktning,av Finnur Jónsson
  • Glælognskvida av Toraren Lovtunge - av Hallvard Magerøy, Oslo 1948
  • A. Holtsmark: Biografi i Norsk biografisk leksikon, bind. 16, 1969