Torbjörn Nilsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torbjörn Nilsson

Torbjörn Nilsson.jpg

Statsborgarskap Sverige
Fødd 9. juli 1954 (67 år)
Västerås
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1978

Torbjörn Anders Nilsson (fødd 9. juli 1954) er ein svensk tidlegare fotballspelar frå Hallstahammar og Partille. Han var midtspiss og den mest briljante spelaren på IFK Göteborg-laget som i fyrste halvparten av 1980-åra dominerte i svensk fotball. I 1982 vann han og laget UEFA-cupen. Nilsson er IFK Göteborgs flittigaste målskårar gjennom tidene med samanlagt 332 mål.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Nilsson var Jonsered-spelar til 1974. Sesongane 1975 og 1976 spelte han på IFK Göteborg, var med om å rykke opp til allsvenskan. Vårsesongen 1977 mislukkast han i PSV Eindhoven og flytta difor tilbake til IFK Göteborg. Der blomstra han til att. I 1979 vart laget svensk cupmeister etter finalesiffera 6 mot 1.

Året 1982 gjekk Göteborg-mannskapet frå den eine triumfen etter den andre. I mai vann laget UEFA-cupfinalen med samanlagt 4-3 over Hamburger SV, der Nilsson skåra eitt av måla på bortebane. I juni vart det siger 3-2 over Öster i den nasjonale cupfinalen. Sesongen vart krynt med seriegull i allsvenskan. Nilsson vart kåra til årets fotballspelar 1982 i Sverige.

Hausten 1982 vart Nilsson overført til FC Kaiserslautern hausten 1982 og gjorde teneste for klubben i bundesligaen fram til sesongslutt våren 1984. Han vende då tilbake til IFK Göteborg og kunne om hausten ta del i feiringa av nok ein triumf i allsvenskan.

2. april 1986 slo IFK Göteborg det spanske topplaget FC Barcelona med 3-0 i semifinalen i europacupen, Nilsson skåra dei to fyrste måla. I returoppgjeret heime på Camp Nou vann Barcelona 3-0, IFK Göteborg tapte til sist 4-5 etter straffeskyting.

Etter eit friår, spelte Nilsson på Jonsered IF åra 1988-90.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Nilsson debuterte for Sverige 11. august 1976 og skåra det femte målet då Finland vart slått 6-0 i Malmö. Seks veker seinare måtte han tole tap 2-3 mot Noreg på Ullevål stadion, Pål Jacobsen vart norsk matchvinnar med ei skåring få minutt før slutt. Under VM i fotball 1978 spelte Nilsson ein kamp. Mot Noreg revansjerte Nilsson med to skåringar då Sverige vann 4-2 i ein innandørskamp i Lahti 28. februar 1981.

Frå hausten 1981 avstod Nilsson frå landskampar då han ikkje var tilfreds med spelestilen til landslagssjefen. Han kom tilbake i november 1984 og spelte 7 landskampar fram til 16. oktober 1985. Gjennom i alt 28 landskampar teikna han seg for 9 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av UEFA-cupen: 1982 med IFK Göteborg
  • Svensk cupmeister: 1979, 1982 med IFK Göteborg
  • Svensk seriemester: 1982, 1984 med IFK Göteborg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]