Torbjørg Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torbjørg Lie
Fødd 23. februar 1856
Død

13. februar 1924 (67 år)

Yrke journalist

Torbjørg Jørundsdotter Lie (23. februar 185613. februar 1924) var ei norsk gardbrukarkone og ein skribent frå garden Rinden i Åslandsgrenda i Fyresdal, busett i Kviteseid.

I 1880 reiste Torbjørg Jørundsdotter Breland til Vonheim folkehøgskule og tok eit kurs. To år seinare gifta ho seg med gardmann og diktar John Pedersson Lie frå Lie i Liegrend i Fyresdal og dei vart buande på Lie. Eldste son deira var Håkon Lie (1884-1970) som vart skogforvaltar og forfattar.

Torbjørg Lie skreiv brev til Decorah-Posten i Iowa i om lag 30 år, i perioden frå fyrst på 1890-talet og til 1920-åra. Til å byrje med skreiv ho kladd til breva og så sette ektemaken dei om til norsk-dansk, før dei vart sende til Iowa til trykking. Dei norsk-amerikanske avisene trykte lite på nynorsk. Etter kvart tok Torbjørg over alt arbeidet med breva og utvikla seg til å bli ein sjølvstendig journalist. I breva til Decorah-Posten skreiv ho om det ho opplevde i den verda der ho levde.

Desse breva frå Vest-Telemark, med sentrum i Fyresdal, er eit tidsbilete og ei kulturell kjelde til den lokale historia. På sett og vis er dei eit motstykke til alle breva som kom frå Midtvesten til Telemark i same tidsrommet. Stilen er lite personleg, men tankane og meiningane hennar slår gjennom i korte glimt.

Gravsteinen til Lie ved Veum kyrkje fortel det var vener i Nord-Amerika som «reiste steinen 1926». Fyresdal Sogelag prenta i sitt årsskrift 1996 artikkelen «Sjå deg attyvi» som inneheld ei rekkje av Torbjørg Lie sine brev til Decorah-Posten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]