Torbjørn Anderssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torbjørn Anderssen
Fødd 3. mars 1976
Yrke møbeldesigner

Torbjørn Anderssen (fødd 3. mars 1976) er ein norsk formgjevar.

Anderssen voks opp i Biristrand i Gjøvik. Han tok hovudfag i design ved Kunsthøgskolen i Bergen i 2002. Etter dette var han med på å grunnlegga merket Norway Says, som seinare har vunne fleire prisar, saman med Andreas Engesvik og Espen Voll. Denne gruppa har mellom anna utforma tekstilar, møblar, glas og lamper.

I arbeidet sitt har han vore oppteken av å betre kommunikasjonen og forholdet mellom norske designarar og ferdigvareindustrien, og gjennom arbeidet i Norway Says har han bidrege til å få fram andre enkeltverksemder, som møbelprodusenten L.K. Hjelle og tekstilprodusenten Gudbrandsdalens Uldvarefabrik. Bladhaldaren «Papermaster», som er utforma av Anderssen for Swedese, er innkjøpt av Victoria and Albert Museum i London.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. norskdesign.no Hal sofa og stol og møbelstoffet Odal