Torbjørn Digernes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torbjørn Digernes

Fødd30. mars 1947
Ørsta kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar
InstitusjonarNorges Tekniske Vitenskapsakademi
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alma materNoregs tekniske høgskole
MedlemNorges Tekniske Vitenskapsakademi
VervRektor ved NTNU 2005-2013
FøregangarEivind Hiis Hauge
EtterfylgjarGunnar Bovim

Torbjørn Digernes (fødd 20. mars 1947 i Ørsta) er ein norsk fysikar som var rektor for NTNU i Trondheim frå 2005 til 2013.

Han er sjølv tidlegare student frå det som den gongen var Norges Tekniske Høgskole (NTH), der han vart uteksaminert som sivilingeniør ved lina for teknisk fysikk i 1972. Han tok doktorgraden i 1982 ved Institutt for databehandling ved NTH, med metodikk for teknisk-økonomisk analyse av design og drift av fiskefartøy.

Han arbeidde ved Undervisningsgruppa ved Reknesenteret ved Universitetet i Trondheim 1972-1974, ved Fiskeriteknologisk Forskingsinstitutt frå 1974 til 1986, og ved MARINTEK frå 1986 til 1990. I perioden 1990-1996 var han tilsett i European Space Agency sitt romstasjonsprogram ved European Space Technical Centre i Nederland. Sentralt i forskinga og undervisinga hans har vore kvantitativ modellering, både med analytiske metodar og simuleringsmetodar.

I 1984 vart han professor II og i 1998 professor i hovudstilling i marin prosjektering. Han var dekan ved Fakultet for marin teknikk frå 1999 til 2001, og då dette vart slått saman med tre andre fakultet til Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi frå 2002, vart han òg vald til dekan for dette fakultetet.

Digernes tok til som rektor for NTNU 1. august 2005. Han vart då den fyrste tilsette, ikkje-valde universitetsrektoren i landet, og han er den einaste av dei som har både fagleg og administrativt ansvar. Nokre av måla han var at universitetet skulle produsere 350 doktorgradar i året, at eksternfinansiert forsking skulle auke med 35 %, og EU-prosjekt med 100 %, og at det skal vere 40 kvinner i vitskaplege stillingar innan 2020, og at dei innan same årstal skal vere eit av dei ti beste tekniske universiteta i Europa.

Torbjørn Digernes er elles leiar for kunstløpavdelinga i Trondhjems Skøiteklubb.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Torbjørn Digernes» på Wikipedia på bokmål, innhenta 4. januar 2010.
  • Knut Olav Åmås [red.]: «Digernes, Torbjørn» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).