Torbjørn Færøvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torbjørn Færøvik
Torbjørn Færøvik.jpg
Fødd 8. juni 1948
Leka
Yrke journalist, historikar, skribent
Torbjørn Færøvik på Commons

Torbjørn Færøvik (fødd 8. juni 1948 i Leka) er ein norsk forfattar og historikar. Færøvik tok eksamen på universitetsnivå som Cand.philol. i 1974. Han har arbeidd som utanriksmedarbeidar i NTB (1977-79), Arbeiderbladet (1979–91) og NRK (1991–99). Han var NRK sin verdsreportar i 1996-97. Færøvik har skrive fleire bøker om og frå Asia: Drømmen om Asia (1997), India - Stevnemøte med skjebnen (1999), Veien til Xanadu. En reise i Marco Polos fotspor (2001), Marco Polo. Reisen til verdens ende (ungdomsbiografi 2002), Kina - En reise på Livets elv (2003) og Gandhi - Elsket og hatet (ungdomsbiografi 2004), og Buddhas barn - En reise blant mennesker (2006).

For bøkene sine om India og Kina vart han tildelt Brageprisen (i 1999, 2003 og 2012[1]). I 2006 fekk han Cappelenprisen for sitt samla forfattarskap.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tone Staude (28. november 2012). ««Årets vinnere av Brageprisen»». nrk.no. Henta 28. november 2012.