Hopp til innhald

Torbjørn Løkken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torbjørn Løkken
StatsborgarskapNoreg
Fødd28. juni 1963 (62 år)
Gjøvik kommune
Idrettkombinert
Tok del i Vinter-OL 1988
Utmerkingar Aftenpostens Gullmedalje

Torbjørn Løkken (fødd 28. juni 1963) er ein norsk tidlegare kombinertløpar frå Biri i Oppland. 1987 var hans store sesong, han vann då VM i Oberstdorf individuelt og verdscupen i kombinert, samt tre verdscuprenn og noregsmeisterskapen. Løkken var medlem av Biri Idrettslag og gjekk under tilnamnet «Biri'n».

Løkken byrja markere seg mellom dei beste kombinertrennarane i 1985-sesongen. Han fekk då to andreplassar i verdscupen i kombinert og tok bronsemedaljen i noregsmeisterskapen. Etter ein heller svak 1986-sesong kom han tilbake og var verdas beste kombinerutøvar i 1987. Gjennom sesongen vann han tre verdscuprenn og vart verdsmeister i kombinert i Oberstdorf framom landsmannen Trond Arne Bredesen. Dei same to løparane vann også VM-sølv for Noreg i lagtevlinga, saman med Hallstein Bøgseth.

Løkken vann to verdscuprenn i OL-sesongen 1988, men vart nummer seks i kombinertøvinga under dei olympiske leikane i Calgary. Han trappa ned satsinga på idretten ved sesongslutt i 1988, la opp i 1990 og utdanna seg til sjukepleiar.

Mange år seinare vart det offentleg kjent at Løkken i lang tid hadde vore rusmisbrukar.[1]

Verdscupsigrar

[endre | endre wikiteksten]
#DatoStad
113. desember 1986Canmore  Canada
217. januar 1987Autrans  Frankrike
36. mars 1987Falun  Sverige
49. januar 1988St. Moritz  Sveits
518. mars 1988Holmenkollen  Noreg

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Løkken vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1987.

  1. ANDRESEN, GORM S. (23. november 2007), «Drikking, piller, narkotika og kjøring i rus», dagbladet.no (på norsk), henta 12. desember 2022

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]