Torbjørn Sikkeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torbjørn Sikkeland
Fødd 3. august 1923
Død

7. november 2014 (91 år)

Yrke fysikar

Torbjørn Sikkeland (fødd 3. august 1923 i Varteig, daud 7. november 2014) var ein norsk fysikar.

Han tok dr.philos. i 1966 og var forskar ved Institutt for Atomenergi (Institutt for energiteknikk) frå 1952 til 1956, og ved University of California, Berkeley frå 1957 til 1969. Han vart professor i eksperimentalfysikk ved NTH i 1969 og hadde stillinga fram til 1993. Han arbeidde mykje med kjernefysikk, strålingsbiofysikk og nærskylde fagområde. Sikkeland var medoppdagar av dei transurane grunnstoffa nobelium og lawrencium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]