Torbjørn Svarte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Torbjørn Svarte (norrønt: Þorbjǫrn svarti) var ein skald som levde på 1100-talet på Orknøyane.

Det er uvisst kvar helst han kom frå, men Finnur Jónsson[1] reknar han for ein orknøyisk skald. Sumaren 1151 drog Ragnvald jarl ut frå Orknøyane med 15 storskip, for å fare på pilegrimsferd til det heilage landet. Fleire skaldar var med på ferda og mellom dei var Torbjørn Svarte. I Orknøyingasoga[2] er ferda skildra over fem kapittel (86-90) og det meste handlar om sjølve reisa og berre kort om opphaldet i det heilage landet. I soga er det frå denne ferda sitert det einaste diktet som vi har etter Torbjørn Svarte, ei lausavise[3] som skildrar landgangen ved Akreborga.

Torbjørn Svarte døydde der ved Akreborga, truleg i 1152, og skalden Odde Litle gjorde to vers[4] [5] til minne om han.

Det er ikkje ofte ein får kjennskap til kvar helst folk i norrøn tid vart gravlagt (utanom kongar og stormenn), men truleg kan vi feste lit til Odde Litle sitt dikt nedanfor (2. verset), når han seier at Torbjørn Svarte vart gravlagt ved «hovudkyrkja» i Akre. Det kan ha vore St. Georg kyrkja[6] som skal ha eksistert i krossfarartida, men seinare øydelagt på 1200-talet.

Þar sák hann
at hǫfuðkirkju
siklings vin
sandi ausinn.
Nú þrumir grund
grýtt of hônum
sólu birt
á suðrvegum.
Der vart han
med hovudkyrkja
- sikling-venen -
und' sanden sett.
No dyl 'an gravmold,
grytt utyver,
med' soli skin
på sudervegom.
(norsk omsetjing: frå Orknøyingasoga[2])

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie av Finnur Jónsson, bind II, side 44
  2. 2,0 2,1 Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  3. Lausavise av Torbjørn Svarte (Skaldic Project)
  4. Lausavise av Odde Litle - om Torbjørn Svarte som døydde ved Akre-borga
  5. Lausavise av Odde Litle - om Torbjørn Svarte forts.]]
  6. St. Georg Church in Acre BibleWalks.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]