Torborg Nedreaas
Torborg Nedreaas | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. november 1906 Bergen |
Død | |
Yrke | forfattar, manusforfattar |
Språk | norsk |
Torborg Nedreaas (13. november 1906–30. juni 1987) var ein norsk forfattar frå Bergen.
Ho debuterte 39 år gammal med novellesamlinga Før det ringer tredje gang i 1945. Boka inneheld eit utval av noveller som tidlegare var publiserte i ulike vekeblad. Same år kom også den eigentlege debuten hennar, Bak skapet står øksen.
Ho voks opp i Bergen og ho budde også ei tid på Stord. Siste halvdelen av livet budde ho på Nesodden i Akershus.
Nedreaas var radikal, men ein finn sjeldan ein open politisk agitasjon i bøkene hennar, med unntak av i De varme hendene som inneheld hard kritikk av det norske medlemskapen i NATO. Ho skildra ofte med stor dugleik unge jenter og kvinner sitt sjeleliv, til dømes i Av måneskinn gror det ingenting og Musikk fra en blå brønn.
Bibliografi i utval
[endre | endre wikiteksten]- 1945 Før det ringer tredje gang, novellesamling
- 1945 Bak skapet står øksen, novellesamling (Aschehoug, Oslo)
- 1947 Av måneskinn gror det ingenting, roman (Aschehoug, Oslo)
- 1950 Trylleglasset, samling skisser og noveller (Aschehoug, Oslo)
- 1952 De varme hendene, roman (Aschehoug, Oslo)
- 1953 Stoppested, novellesamling (Aschehoug, Oslo)
- 1956 Madame, høyrespel (Sendt i NRK Radioteatret 23.10.1953, instruktør Otto Nes)
- 1958 Siste stasjon, høyrespel (Sendt i NRK Radioteatret 20.05.1958, instruktør Knut Thomassen)
- 1960 Musikk fra en blå brønn, roman (Aschehoug, Oslo)
- 1963 Historien om en liten historie, høyrespel (Sendt av NRK Radioteatret 19. mars 1963)
- 1964 Skomakeren og hans lest, fjernsynsteaterstykke (Oppført av NRK Fjernsynsteatret 7. desember 1964)
- 1965 Den siste polka, novellesamling (Aschehoug, Oslo)
- 1967 Ytringer i det blå, kåserisamling (Aschehoug, Oslo)
- 1971 Ved neste nymåne, roman (Aschehoug, Oslo)
- 1978 Det dumme hjertet, samling høyrespel (Aschehoug, Oslo)
- 1982 Vintervår, essaysamling (Aschehoug, Oslo)
I 1965 sende NRK Fjernsynsteatret Stoppested med manus skrive av Tore Breda Thoresen fritt etter novella med same namn av Nedreaas. I 1975 laga Vibeke Løkkeberg kortfilmen Regn bygd på noveller av Torborg Nedreaas.
Omsetjingar
[endre | endre wikiteksten]Bøkene hennar har vorte omsette til mellom anna svensk, dansk, engelsk, tysk, fransk, polsk og russisk.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1950 - Kritikerprisen for Trylleglasset.
- 1964 - Doblougprisen
- 1966 - Mads Wiel Nygaards legat
- 1972 - Nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for Ved neste nymåne.
- 1986 - Det Norske Akademis Pris til minne om Thorleif Dahl
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Nekrolog i Aftenposten 1. juli 1987[daud lenkje]
- Aftenpostens forfatterindeks
- Dagbladets forfattarside Arkivert 2002-02-24 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Digitaliserte bøker av Torborg Nedreaas hjå Nasjonalbiblioteket
- Kulturnett Akershus Arkivert 2004-02-28 ved Wayback Machine.