Tord André Lien
Tord André Lien | |||
Tord André Lien Foto: FrPMedia | |||
Fødd | 10. september 1975 (48 år) Øksnes kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Nordland Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
Verv | Norsk olje- og energiminister 16. oktober 2013–20. desember 2016 | ||
Føregangar | Ola Borten Moe | ||
Etterfylgjar | Terje Søviknes | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1. oktober 2005–30. september 2013 | ||
Alle verv |
|
Tord André Lien (fødd 10. september 1975 i Øksnes i Nordland) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han hadde fast plass på Stortinget for Sør-Trøndelag fylke frå 2005 til 2013. Lien var olje- og energiminister i regjeringa Solberg frå 16. oktober 2013 til 20. desember 2016.
Tord André Lien har studert historie og statsvitskap og er cand.philol. frå NTNU 2003. Han leidde eit team som dreiv med møtebooking via telefon i Norsk Privatøkonomi frå 2003. Han var medlem av Trondheim bystyre 2003–2005, leiar av Trondheim FpU 1997–1999 og Trondheim FrP 1999–2003 og 2008-2009. Frå 2003 til 2005 leidde han Sør-Trøndelag volleyballkrets. Han har også vore volleyballtrenar.
I januar 2017 blei han tilsett som regiondirektør for NHO i Trøndelag.[1]
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 2005–09: medlem i energi- og miljøkomiteen
- 2009–: andre nestleiar i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Fra statsrådsjobb til NHO Trøndelag», www.nho.no (på norsk), henta 6. januar 2020
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Framstegspartiet - Biografi Arkivert 2016-03-10 ved Wayback Machine.
- Einskildmenn
- Fødde i 1975
- Norske olje- og energiministrar
- Statsrådar i Regjeringa Solberg
- Frp-statsrådar
- Stortingsrepresentantar frå FrP
- Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Lokalpolitikarar i Trondheim
- FrP-politikarar i Sør-Trøndelag
- Norske militærhistorikarar
- Norske idrettsleiarar
- Folk frå Øksnes