Tord Sjåreksson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Tord Sjåreksson eller Tord Særeksson (norrønt Þórðr Sjáreksson) var ein islandsk skald frå byrjinga av 1000-talet.

Det er særs lite ein veit om Tord Sjåreksson. Han var truleg i slekt med den kjende skalden Hjalte Skeggjason från Thjorsardalur på Island og det er òg truleg at han var slekt med helten Torolf Skolmsson (Torolf den sterke) som er nemnt i Ågrip og i Fagerskinna.

Etter Skaldatal var Tord Sjåreksson skald hos Eirik Håkonsson Ladejarl og hos kong Olav Haraldsson. Dikt av Tord er sitert både i Heimskringla og i Fagerskinna, og av dikta hans er desse kjende:

  • Dråpa om Torolf Skolmsson[1]
  • Flokk om Kløng Brusesson[2] (han var truleg ein norsk hovding).
  • Rodudråpa[3] – ei arvedråpa om Olav den Heilage, berre ei strofe er kjend. «Rodudråpa» tyder «krusifiks-dråpa» (òg omtala som «kors-diktet»).
  • Fragment[4] Fragment av ulike vers.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Þórálfs drápa Skólmssonar Dråpa om Toralv Skolmsson frå Skaldic Project
  2. flokk om Klœingr Brúsason Flokk om Kløng Brusesson frå Skaldic Project
  3. Róðudrápa Rodudråpa - ei arve-dråpa om Olav den heilage frå Skaldic Project
  4. Fragment frå Skaldic Project

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]