Tordisfeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tordisfeltet er eit oljefeltTampenområdet i Nordsjøen som ligg mellom Snorrefeltet og Gullfaksfeltet.

Frå juni 1994 har Gullfaks C- oljeplatformen motteke og handsama petroleum frå Tordisfeltet. I tillegg til hovudstrukturen Tordis, vert feltet utgjort av strukturane Tordis Øst (1998), Borg (1999) og Tordis Sørøst (2001). Utvinninga av petroleum skjer med installasjonar på havbotnen. Det er bygd ut med ein sentral havbotnmanifold som er knytt til Gullfaks C. Til denne manifolden er det knytt sju separate satellittbrønnar og to havbotnrammer. Brønnstraumen blir overført til Gullfaks C i to røyrleidningar. Vatn til vassinjeksjon kjem i ein røyrleidning frå Gullfaks C.

Statoil er operatør for Tordisfeltet. Feltet vart bygd ut av det tidlegare norske oljeselskapet Saga Petroleum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]