Tore Aaen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tore Aaen
Fødd 10. mars 1860
Tynset
Død

17. august 1931

Yrke bonde, lærar, politikar

Tore Embretsen Aaen (10. mars 186017. august 1931) var ein norsk lærar, gardbrukar, statsrevisor og stortingsmann frå Tynset i Hedmark. Han representerte Venstre. Thore Myrvang var bror hans.

Aaen var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han Tromsø seminar. Då han var ferdig der, 1880, byrja han som lærar i heimbygda Tynset. I 1884 kjøpte han garden Åen og dreiv fram til 1910 som gardbrukar attåt lærargjerninga. I 1915 vart han statsrevisor, slutta då som lærar.

Han var medlem av heradsstyret frå 1893, ordførar 1893-98 og 1901-07. Dessutan var han skulestyreformann, medlem av amtsutvalet, samt åstadskommissær.

Aaen representerte Hedemarkens amtStortinget 1903-06 og Nordre Østerdal krins 1906-18. Han var 1903-04 medlem av næringskomite nr 2. Frå 1904 til -15 var han med i protokollkomiteen, sekretær 1910-12 og formann 1913-18 i komiteen. Elles var han sekretær i Odelstinget 1910-12 og i Stortinget 1913-15. I 1918 var han også medlem av utanrikskomiteen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914