Tore Helsing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tore Helsing er ein person frå norøn sogelitteratur som er kjend for å gje namn til Helsingland i Sverige.

Snorre Sturlasson skriv:

Kjetil Jemte, son til Onund jarl frå Sparbu fór aust over Kjølen, og ein heil brote folk med han; dei bygde store bygder der det sidan heiter Jemtland. Soneson til Kjetil var Tore Helsing; han fór for ei draps-sak frå Jemtland og aust over til skogane som der ligg, og bygde; og dit søkte mykje folk med han. Dette landet kallar dei Helsingland. [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Snorre Sturlasson Kongesoger på nynorsk - i kapittelet - Soga om Håkon den gode - side 87.