Tore Hund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tore Hund

Statsborgarskap Noreg
Fødd 990-åra
Død

10. hundreåret

Yrke oppdagar
Far Tore fra Bjarkøy
Tore Hund på Commons

Tore Hund var ein høvding frå Bjarkøy i Troms. Han vart fødd rundt 990 og døydde rundt 1032. Tore Hund var ein av leiarane for bondehæren som vann slaget på Stiklestad i 1030, og ein av dei som tok livet av Olav Digre Haraldson (seinare Olav den Heilage).

Tore Hund konverterte til kristendomen rett etter slaget på Stiklestad, og reiste på pilegrimsferd til Jerusalem. Sannsynlegvis døydde han der.

Under slaget på Stiklestad seier segna og Snorre at Tore Hund bar ei kufte som stål ikkje beit på. Det er vanleg å tru at denne kofta var ganda av samiske sjamanar. Dette viser òg samspelet mellom nordmenn og samar i nord. Store delar av Tore Hund og Bjarkøyætta si makt og stormannsstatus baserer seg på skattelegging av samane Finnskatten og handel med dei.